Bygdekvinnene er opptekne av god folkehelse. Difor har vi over fleire år engasjert oss for innføring av eit gratis skulemåltid for alle born og unge. Vi i Noreg har nok kunnskap om kva eit næringsrikt måltid i skuledagen har å seie for læring, skulemiljø, fellesskap, sosial utjamning og gode matvanar. No treng ein handling.

For fyrste gong har vi ei regjering som har lova at det gradvis skal innførast eit dagleg skulemåltid. I regjeringserklæringa heiter det at det skal innførast eit enkelt og sunt skulemåltid.

Skulemat er ein del av løysinga for å nå FN sine berekraftsmål om nok og næringsrik mat til alle. Handsaminga av initiativ frå «Den internasjonale skulematkoalisjonen» kan sjåast på som eit råd om å innføre skulemat, og at denne bør tuftast på lokal produksjon og kultur.

Koalisjonen sitt initiativ blei hausten 2021 støtta av FN-organisasjonane FAO, UNESCO, UNICEF, WHO og Verda sitt matvareprogram WPF. Bak initiativet sto regjeringar og sivilsamfunn frå meir enn 60 land, også Norges Bygdekvinnelag. Koalisjonen blei støtta av den norske regjeringa. Koalisjonen har som visjon å gi alle born i naud høve til å få eit næringsrikt måltid på skulen innan år 2030. Dei fem FN-organisasjonane seier i sin støtte at der det er mogeleg kan det nyttast lokalt dyrka mat og ved det støtte nasjonale og lokale marknader og matsystem.

Hittil har ikkje regjeringa sett i verk noko tiltak. Lovnader må følgjast opp med konkret handling. Regjeringa må vise i praksis at dei meiner alvor med lovnadene sine.

I dag er det mange kommunar og skular som på ulike måtar byr skuleborna eit måltid i skuletida, fordi dei ser at det gir positive resultat for skulemiljøet. Ofte kan dette tiltaket vere i samarbeid med lokale frivillige organisasjonar. Fleire bygdekvinnelag bidrar her med si tid og sin kompetanse på lokal matkultur.

Dette er bra, men skal eit gratis tilbod til alle verte ein realitet, kan det ikkje vere eine og aleine opp til kvar enkelt kommune sin økonomi og deira prioriteringar, eller frivillig innsats.

Bak rapporten «Sunnere matomgivelser i Norge» frå 2020 står eit panel av 34 uavhengige norske ekspertar innan ernæring og folkehelse. Dei meiner at det hastar med å få nordmenn til å ete sunnare, og at eit skulemåltid til alle er eit av dei viktigaste tiltaka. Ekspertpanelet rår styremaktene til å påleggja alle kommunar å innføre eit dagleg sunt skulemåltid.

Regjeringa må sikre at det vert sett av midlar over statsbudsjettet slik at skular som er klare, motiverte og har gode planar, kan få starte opp allereie frå skuleåret hausten 2022.

Det trengst både budsjettmidlar og ein nasjonal plan for innføring av eit gratis skulemåltid for alle. Ein slik plan må gjere det tydeleg kven som har ansvar for finansiering og gjennomføring. Planen må gi gode råd og eksempel på sunne skulemåltid og vise samanhengen mellom FN- organisasjonane sine råd og innføringa av eit skulemåltid i Noreg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!