Jenny Klinge sin kronikk i Verdens Gang 19. juni med kritikk av skulebøker som gjer feil opplysningar om kjønn, har vekt debatt. Den debatten treng vi, men typisk nok tek ein personen og ikkje ballen. Kva med å debattere det ho verkeleg tek opp, nemleg ideen om kjønn som noko ein kan velje? Klinge vert kritisert for å ha samanlikna menneske med anna liv på planeten, som høner og hanar. Det er altså eit bilete, ei likning. Det tyder ikkje at ho trur vi er fjørkre. At mennesket er ein del av naturen bør ikkje kome som eit sjokk. Noko anna som er vanleg i denne debatten er å blande ulike grupper som ikkje høyrer i hop, slik Sunnmørsposten gjer på nett i ein leiar 22. juni.

Her blandar ein homofile og transpersonar og meir enn antydar at Klinge angrip sårbare personar. Ho gjer ikkje det. Ho snakkar om ideen om flytande kjønn. Det er ein ny ide som var fjern for dei som byrja kampen for homofile sine rettar. Homofili har grunnlag i den materielle verda og tyder seksuell dragning mot vaksne av same kjønn. Men dersom ein kan velje kjønn – kva er då homofili?

«Trans» derimot har ingen definisjon. Det kan vere alt frå heterofile menn som av og til vil kle seg som kvinner (kva no det betyr), til unge jenter som strir med ei trong kvinnerolle og ynskjer seg ut av ho. Det er difor diskutabelt om det i det heile er mogeleg å behandle transpersonar sine livsvilkår under eitt.

Sunnmørsposten skriv òg at det bør stillast krav til tone og val av ord i ein viktig debatt, «særlig av en stortingsrepresentant». Men kva som er takt og tone er ikkje faste storleikar. Er det hat å seie, slik Klinge vert angripen for, at menn ikkje kan føde barn? Jenny Klinge er den einaste stortingsrepresentanten som har hatt ryggrad nok til tydeleg og med kunnskap å gå mot den nye kjønnsideologien og den skaden han gjer. Personleg mot og integritet set i alle fall eg høgt. Særleg frå stortingsrepresentantar. Det er nok av dei som vaktar orda sine så godt at ingenting kjem ut.