Eg må få seie at eg syne det er lite pent å skrive at når Folke Bernadotte vart drepen så var det nærmast eit fellesprosjekt.

Men når eg tek til motmæle så er det for at han set strek over viktige sider ved saka.

La oss ta utgangspunkt i bakgrunnen for dette problemet. I 1896 gjorde demografen Vital Cuinet kjent ein detaljert folketeljing for Jødeland, no kalla Palestina. Den viste at på det tidspunkt var der 55.838 muslimar (arabarar) i landet.

Kor hadde desse arabarane kome frå?

Mohammed Ali tok styringa i Egypt åra 1831–1840.

Det skapte uro og sonen hans, Abrahim Fasha, tok med seg 10.000 egyptarar og drog nordover og slo seg ned i Jødeland, no kalla Palestina. Dette vart kjernen av arabarar i landet ved hundreårsskifte.

Fakta er at arabarane aldri har hatt landet, no kalla Palestina, som heimland. Derimot har det vore jødane sitt heimland i over 3.000 år.

Dette var situasjonen då mandat-makta tok over ansvaret i 1917 og skulle fordele landområda mellom folkegruppene.

Mykje kunne skrivast om dette. Vanskane var store og problematiske. Men ut frå dette arbeidet så kunne emir Feisal, sonen til kong Hussein, etter fredskonferansen i Paris i 1919 sende ei slik helsing til Chaim Weizmann: «Vi vil ønske jødene på det hjertligste velkommen hjem.»

Så gjekk saka til Folkeforbundet som i 1922 samrøystes vedtok å dele landet der arabarane fekk området aust for Jordanelva og jødane frå elva mot havet. Dette såg då lovande ut!

Men så er det eit forhold som Landmark ikkje tek omsyn til. Når FN etter krigen tok over Folkeforbundet sine oppgåver, så fekk dei ikkje fullmakt til å trekkje tilbake vedtak og løfter som Folkeforbundet hadde gitt.

«Artikkel 80 i FN-pakten skal sikre at legale internasjonale rettigheter, oppnådd under mandatstyret, ikke kan gjøres ugyldig.» Ei nøkkelsetning i Folkeforbundets vedtak er: «Jødene har nå fått anerkjennelse for sin historiske tilknytning – og anledning til å gjenopprette sitt nasjonale hjem.»

Som kjent så såg FN bort frå dette, og som Landmark skriv så var landet delt opp på nytt. Ein fekk den grøne linja, som aldri har vore ei landegrense. Jødane vart pressa, og dei sa ja.

Palestina-arabarane sa nei og gjekk til krig. Kvifor? Jau, dei har ikkje vore, og er framleis ikkje, interessert i ei fredsløysing.

I dei siste 100 åra har det blitt sett fram ti (10) forslag til løysing. Israel har sagt ja til 9 av forslaga. Palestina-arabarane har sagt nei til alle.

Det er trist å fylje med korleis FN forandrar sin profil. Det blir meir og meir den muslimske verden som pregar miljøet.

For den som vil fylje med kan eg tilrå to kjende folkerettsjuristane, Dr. Matthijs de Blois (Nederland) og Andrew Tucker (Australia) si bok: «Prosessen mot Israel. Hvordan folkeretten misbrukes for å delegitimere staten Israel.» Du får også gode opplysningar i Rektor Torkil Åmland si bok: «Israel og FN».