«No skal eg fortelje historia om ein kamp om milliardar av kroner. Ein kamp mellom kystkommunar frå Finnmark til Agder på den eine sida og Finansdepartement frå Akersgata til Karl Johan på den andre sida. (..) Om det ranet stadig fleire kystkommunar etter kvart blir klar over dei er i ferd med å utsetjast for.» Det er godt sagt, sjølv om det diverre ikkje er mine ord.

Dette sa Senterpartiets Geir Pollestad om grunnrenteskatt på havbruk i 2020 – i ei galakse langt, langt borte.

No er vi i 2022. No sit Senterpartiet i Regjering.

Norske bedrifter – og veljarar – har omsider oppdaga kva Senterpartiets slagord «Ta heile landet i bruk» eigentleg betyr: Det betyr å «ta heile landet i bruk» til å krevje inn meir skattar – spesielt distrikta og kysten.

For dagens Ap/Sp-regjering er norskeigde bedrifter og store distriktsnæringar tilsynelatande ikkje først og fremst ein del av det norske fellesskapet. Det er tvert imot dei som skal finansiere fellesskapet: Fellesskapet – som i Senterpartiets nye politiske galakse ser ut til å vere identisk med staten.

Venstre ser ikkje slik på verda. Noreg er ikkje bygd av staten.

Noreg, særleg distrikts-Noreg, er bygd av folk som har lagt stein på stein i generasjonar for å bygge opp eit livsgrunnlag. Tatt risiko, satsa, av og til lukkast og av og til ikkje. I det distrikts-Noreg eg kjenner, er ikkje privat eigarskap og bedrifter som veks eit problem.

Det er det som gir lys i husa.

Dei neste 10–20 åra skal vi skape eit nytt Noreg – i bygd og by. Vi skal bli eit grønt og tvers gjennom berekraftig nullutslepps-samfunn.

Samtidig skal vi erstatte dagens gigantiske oljeinntekter med eit mangfald av nye bedrifter, næringar og arbeidsplassar – medrekna fiskeri og havbruk, fornybar energi og teknologi. Vi har ikkje ein dag å miste. Vi må framover – og vi må gjere det no.

Difor vil Venstre ha ei ny regjering som heiar på dei som skaper verdiar. Fram til vi får det, skal Venstre ta kampen for små og store jobbskaparar landet rundt – kvar einaste dag.