Omtrent denne beskjeden har mange av oss fått under Monopol-spelets harde dyst. Ein annan metafor – frå dataverda – er det å ta ein omstart – rydda bordet og starta på nytt med «blanke ark». «Svenskeknappen» burde vera innan rekkevidd for SAS-pilotane der dei nå i lengre tid har halde på med forhandlingar på andre sida av Kjølen.

Eg tvilar ikkje på at det opp gjennom tidene er gjort feil frå begge sider i denne lange konflikten, men nå trur eg at SAS-pilotane er i ferd med å misbruka sin forhandlingsrett på same måte som heismontørar og typografar gjorde for ein del år tilbake. Det er ein enkel analyse som skal til for å sei at «luftfartsverda» er endra i seinare år, og kreditorane er iallfall einige om at SAS har operert for lenge i «den gamle tida».

Tenk om dei ved forhandlingsbordet snarast kunne bli einige om at: «Nå legg me til side alt snakk om kven som sa det eine og som lova det andre. Nå nullstiller me alt avtaleverk og tek fatt på å bygga opp eit nytt og berekraftig flyselskap som kan gi mange og sikre arbeidsplassar i framtida». Finn fram «svenskeknappen» i Stockholm!