Det er så langt frå sanninga som det går an å kome!

Kan hende ikkje så uventa, sidan det kjem frå Sunnmørsposten. Skal vi ta dette som ein spøk? Eller eit forsøk på å lure oss?

Avisa nyttar gjennomsnittstemperatur som hovudargument i vurdering av veret, men det har lite eller inkje å gjere med saken.

Skal ein sjå på veret, må ein ta med vind, sol, skyer og nedbør.

Sanninga er at juli 2021 var over normalen fin. Det motsette har vi hatt i år.

Dei fleste hugsar såpass. Om Sunnmørsposten ynskjer prov, kan fylgjande fakta lett leggjast fram:

Nedbør: 12 mm i 2021, 144 mm i 2022. Altså 12 gongar meir.

Soldagar: 19 i 2021. berre 3 i 2022, og då har vi vore raus med timetalet for i år.

Dagar med maxtemperatur på minst 20 grader: 14 dg. i -21, men berre 1 i år.

Dagar med regn meir enn 1 mm: Berre 1 dag i 2021, men heile 16 dagar i 2022!

Det er nytta opplysningar frå 1.til 26.juli båe år.

Det er rart at ungdomen kan gløyme slik frå år til år. Men dei gamle hugsar!