Ingen brukarmedverking har funne stad, og det er brot på fleire lovar. Landsforeningen for pårørande innan psykisk helse (LPP) meiner framlegga ikkje er forsvarlege.

Kommunen har allereie kutta i tilbodet til pasientar innanfor psykisk helse og rus. I det siste framlegget til budsjett går nedskjeringane ennå lenger med kutt i fleire stillingar til pasientar som ikkje sjølv kan kjempe for sine rettar. Dette gjeld nedskjering på butilbodet til våre mest sårbare pasientar.

For Steinvågvegen og Kirkegata inneber det at den faste nattevakta allereie har forsvinne og er erstatta med eit ambulant team. Ambulante team kan ikkje erstatte fast nattevakt for dei sjukaste pasientane, og det går ut over tryggleiken til den einskilde og til medpasientar. Berre for Heimdalen og Nørvegata inneber det kutt av tre stillingar for bebuarane, mange av dei med autisme. Dette er stillingar som går under omgrepa Medleverturnus 24–7.

Vi treng fleire bemanna bustader, ikkje færre. I dag bor mange sjuke heime hos sine pårørande medan dei ventar på eit forsvarleg butilbod i Ålesund. Det er derfor ikkje forsvarleg å ta fleire ressursar frå dei sjukaste sitt butilbod.

Ressursar blir tatt frå pasientar i habiliteringsbustadene og kommunen bryt vedtak til brukarane.

Konsekvensane er at arbeid og ansvar blir overlate til dei pårørande. Fleire pårørande får pålagt eit arbeid som ikkje er etisk forsvarleg, og mange vil ikkje klare det.

Dette vil igjen kunne føre til innlegging på sjukehus. Det er inga verdig utvikling.

Desse framlegga kjem utan at det har vore noko brukarmedverking. Brukarar og pårørande er ikkje kontakta, heller ikkje dei som er direkte involvert.

Brukarmedverking er ein lovfesta rettigheit, og er ikkje noko ein tenesteytar kan velje å ta stilling til eller ikkje. Brukarmedverking er eit sentralt prinsipp som er nedfelt i fleire lovar, m.a. Pasient og brukarrettigheitslova, Helse- og omsorgstenestelova og Lov om forvaltning av arbeids- og velferdstenester.

Ålesund kommune må følge lova og involvere brukarutval og/eller brukarorganisasjonane i dei prosedyrane kommunen har. I LPP reknar vi med at det politiske nivået involverer seg i kva konsekvensane vil bli av dei framlegga som ligg føre.