Fleire hevdar at Donaudagen bør verte ein nasjonal minnedag i landet vårt.

Den 26. november 1942 kl. 14.55 gjekk troppetransportskipet D/S Donau frå kaia ved Akershus festning. Om bord i båten var stua saman 529 norske jødar. Vi finn menn, kvinner og born i alle aldrar frå 4 md. til 81 år. Det var norsk politi og tysk tryggingspoliti som samla saman denne store flokken av jødar. I Norge budde det denne tida samla godt 2000 norske jødar. Donau la til kai i Stettin i Polen fire dagar seinare. Alle dei 529 vart så sende med tog vidare til ein av dei største utryddingsleirane til nazistane – Auschwitz. Nokre vart plukka ut til slavearbeid, medan dei aller fleste vart sende rett i døden. Gass tok livet av om lag ¼ av alle norske jødar i løpet av krigen. Ni av dei 529 kom heim att til Norge etter krigen. Samla vart 729 norske jødar sende til desse dødsleirane. Som svært synlege symbol på Holocaust i Norge, er det lagt ned 757 snublesteinar landet rundt.

Vi kan knapt tenkje oss dei lidingar dei deporterte jødane måtte gjennom, før, undervegs og til slutt i dødsleiren i Auschwitz. Familiemedlemmer sat att i otte og med mange spørsmål dei ikkje fekk svar på. Alt dette ligg om lag 80 år attende i tida. Jødefolket har alltid vore ei av dei folkegruppene i verda som har gjennomgått ulike former for forfølging og hat. Dette har skjedd både i fortid og i notid. Ferske undersøkingar om tilhøva for jødar i Norge i dag gjev oss dystre svar. Antisemittismen har auka på dei seinaste åra. Dette gjeld jødane – men også andre grupper må tole ulike former for negative handlingar.

Jødefolket fekk i 1948 tilbake sitt eige land. Mange jødar har funne vegen dit frå ulike kantar av verda. Dette landet, og dette folket må fram til i dag tole internasjonal motstand og fordøming. Slik også med dei mange millionar jødar som bur rundt i dei fleste av verdas land.

Norges grunnlov frå 1814 hadde forbod mot jødar til landet vårt. Dette vart heldigvis endra ca. 40 år seinare. I dag treng jødane vår støtte – vi må for ein kvar pris unngå nye holocaust. Ei lita brikke i dette arbeidet frå oss nordmenn kan faktisk vere å gjere 26. november til ein nasjonal minnedag. Vi treng slike påminningar både for notida og framtida. Å gløyme historia tener ikkje framtida.