Han seier at ein legal marknad vil gjere at folk veit kva dei får i seg, og slik hindrar overdosedødsfall av til dømes syntetisk cannabis eller av fenantyl blanda i cannabis. Han seier også at hundrevis døyr av alkoholrelaterte skadar i året, medan få døyr av cannabis. Dette siste er sant, men ei sanning med modifikasjonar. Cannabis og alkohol skadar folk på ulike måtar. Det er for meg ulogisk å skulle legalisere eitt farleg stoff fordi eit anna er farlegare. Om du ikkje døyr av eit stoff, kan det gjere alvorleg skade likevel. Hasj-psykose er ei kjent diagnose i psykiatrien. Hos mange av dei som søker rusbehandling, er cannabis-avhengigheit det primære problemet.

Dei fleste med narkotikaproblem bruker ei rekke ulike stoff. No døyr det fleire av sterke smertestillande medisinar enn av heroinoverdosar. Berre i 2021 blei det påvist 15 nye syntetiske cannabinoid i Europa. Det er elles mykje amfetamin på marknaden, og Nederland demonterte nyleg fleire store metamfetamin-laboratorium. (EMCDDA-22)

Vi bør kanskje spørje oss korleis det har gått i land som har legalisert.

I 2016 legaliserte California cannabis. Dette skulle øydelegge den illegale og ukontrollerte marknaden, heittest det.

Los Angeles Times, den femte største avisa i USA, har for tida ein interessant artikkelserie om konsekvensane av legalisering. Der står det mellom anna at berre 30 % av cannabisomsettinga i California er legal i dag.

I staden for å øydelegge den kriminelle marknaden, har legaliseringa utløyst ei bølgje av illegal cannabisproduksjon, står det. Avisa har analysert satellittbilete som viser ein dramatisk auke i areal brukt til dyrking av cannabis i avsidesliggjande område av delstaten. Kriminelle nettverk får drive cannabisfarmane sine der nesten ustraffa.

Den illegale cannabisproduksjonen skaper store miljøøydeleggingar, forgiftar naturen, utnyttar arbeidarane grovt og utkonkurrerer legal cannabis med sine låge prisar. Det er skapt ein marknad prega av vald, ran, kidnapping og mord. Meksikanske og kinesiske kriminelle etablerer seg der, og styresmaktene kan lite gjere.

Også i Europa ser ein no meir samarbeid mellom internasjonale og europeiske kriminelle grupper. Meksikanske kriminelle er til dømes i aukande grad involverte i produksjonen av syntetiske stoff i EU. (EMCDDA -22)

Dette er ei skremmande utvikling, og eg trur ikkje at legalisering er løysinga.