Allereie i starten røper han kor lite orientert han er. Dr. Cass er nemleg ein internasjonalt anerkjent barnelege med spesialitet nevropsykiatriske tilstandar.

Vatne er også blank når det gjeld internasjonal debatt om evidens for behandling av kjønnsinkongruens etter «bekreftingsmodellen». I sentrale forskingsmiljø er det einigheit om eit for svakt kunnskapsgrunnlag. Frå autoritativt hald i Norge, har Folkehelseinstituttet (FHI) uttalt det same og at forsvarligheitskravet ikkje er godt nok varetatt når det gjeld behandling av barn og unge med hormon og kirurgi.

Så til Vatne sine grove, udokumenterte og absurde skuldingar; Vatne hevdar at eg «går til angrep på de få som opplever at de er tildelt et annet kjønn enn det kjønnet de føler seg som». Det skal ein stor porsjon vrangvilje til for å tolke min kronikk (Når aktivisme trumfar evidensbasert praksis) i den retninga. Mine hovudpoeng er at desse sårbare unge har krav på kvalitetssikra behandling, og at behandling ut frå »bekreftingsmodellen» gir stor risiko for feilbehandling.

Mest alvorleg og grovaste skuldinga frå Vatne, omhandlar den tragiske hendinga med skytinga i Oslo i juni år. Han skriv;« Skal tro om Bruset tenker, det er dem vel fortjent.»

Vatne tillèt seg her å insinuere at eg støttar denne avskyelege terrorhandlinga. Eg finn denne direkte sjokkerande, for aldri har eg tenkt, eller uttrykt, noko så hinsides horribelt.

Eg tenker derimot at noko slikt berre kan kome ifrå ein som totalt har mista gangsynet og balansen.

Vatne påstår også følgande; «Det er ikke bare behandlingen av kjønnsdysfori Bruset er mot, men hele LHBTQ+, enklere sagt den delen av befolkningen som er homofile og lesbiske.»

Her avslørar Vatne nok ein gong at han ikkje toler kritikk av organisasjonen FRI og deira radikale kjønnspolitikk. Første gongen han freista å kneble mine ytringar om FRI som arr. av Pride i Ålesund, var i 2018. Han kom då med ei «betenkning» til Fylkesmannen, men mislykkast med den strategien. No prøvar han igjen med falske og grove skuldingar.

Eg kan derimot love Vatne at freistnadane hans på knebling, har stikk motsett effekt. For meg vert det viktigare enn nokon gong å avsløre at barn og unge er gjort til målskive for ein kjønnspolitisk ideologi styrt av vaksne sine interesser. Det får Vatne berre tole.