Nye og gamle «grep» blir forsøkt for å få budsjetta i balanse, ned bemanning, nedlegging av skular og avdelingar innan helsesektoren ser ut til å vere melodien. New Public Management, som i korte trekk går ut på auka økonomifokus i det offentlege og i helsevesenet spesielt, ser ut til å få innpass hos fleire leiarar i det offentlege.

Dette har ført til eit hardkøyr mot dei tilsette som stadig må utføre oppgåvene raskare og meir effektivt, utan tanke på kvalitet og pasientane sitt beste. Å redusere bemanninga betyr meir arbeid på dei som er att, auka sjukefråvær og mistrivsel. Som igjen fører til auka vikar bruk og bruk av ikkje kvalifisert personale, og dyre vikar byrå skor seg på det offentlege.

Utfordringa med å få nok sjukepleiarar/helsefagarbeidarar aukar i takt med nedskjeringane. Private skular og helseinstitusjonar poppar stadig opp og utarma det offentlege, og dei står klare til å tilby ut slitne lærarar og helsepersonell gode arbeidsvilkår.

Er det slik vi vil ha det? Mitt svar er nei, å drive undervisning og helsetenester er ikkje å drive butikk! Finansieringssystemet vi har i dag fungerer ikkje til elevane og pasientane sitt beste, og må endrast.

I staden for å kutte i bemanninga må vi auke grunnbemanninga og tilby 100 prosent stilling til alle som ynskjer det. Dette vil føre til mindre sjukefråvær, mindre vikarbruk og personale som får tid til å utføre det viktige arbeidet som skal gjerast både i opplæring og omsorg i framtida.

Eg har eit håp om at regjeringa frå SP og AP ser galskapen i dette og tek initiativ til å endre på finansieringssystemet spesielt til helseføretaka. Kommunane treng også auka rammer slik at dei blir i stand til å utføre alle lovpålagde oppgåver.

PS. Den foreslegne nedlegginga av Mork senter og feriestenging av føden i Volda er totalt galskap sett frå pasientsida, men det bryr dei seg vel ikkje om økonomane i helseføretaket. For der er det berre pengar og ikkje folk som tel. Vonar styret som skal ta den endelege avgjersla ser galskapen og ikkje vedtek dette.