Eg må ofte gå til bibelsoga og ei av dei fasinerande forteljingane frå det gamle testamentet: Kampen mellom David og kjempa Goliat. David med si steinslynge sigra mot ein sterk motstandar.

I saka om boikott av Israel på LO-kongressen nyleg, kjenner eg meg som David i det å kome med mine haldningar og uttrykkje eit klart nei til det LO har vedteke. 3. juni vart saka om eventuell boikott av Israel handsama på LO-kongressen. Her vart det vedteke å arbeide for ein internasjonal boikott av dette vesle landet.

Dei første formuleringane til vedtak lydde: «Boikott av kultur-, sports- og akademiske aktivitetar som tener okkupasjonsmakta». Her vil eg flette inn: Kven okkuperer kva? Under handsaminga i møtet vart formuleringa skjerpa.

Vedtaket lyder: «LO støttar rein internasjonal boikott av Israel». Ei klar skjerping av LO si haldning i dette spørsmålet. Heldigvis finst det eit glimt av lys i tunnelen: Fellesforbundet og Fellesorganisasjonen tok dissens i saka. Dessutan har statsminister Støre gjeve uttrykk for at vedtaket i LO ikkje er Regjeringa sin politikk. Men – presset frå LO er der – og kor lenge vil Regjering og Storting stå mot? Saka kan raskt utvikle seg i negativ lei.

Ein fullskala boikott vil omfatte alle samfunnsområde overfor eit demokratisk styret land. Eit land som står langt framme på dei fleste områda, ikkje minst innan produksjon av medisinsk spesialutstyr og forsking. Ein boikott vil klart ramme oss sjølve. Det vil også til dei grader råke alle dei palestinarane som bur og arbeider i dette landet.

Israel som alle oss andre, har potensial til å bli eit endå betre land. Vi kjenner alle til den historiske og pågåande konflikten i høve palestinarane. Dette problemet kan truleg berre løysast ved at all vald og valdshandlingar overfor jødane tek slutt. Dette ser det dessverre ut til ikkje late seg gjere, men vi får vone at noko snur seg. Israel står i dag som det einaste landet i denne regionen med eit demokratisk styre og eit fritt rettsvesen med klare lover mot m.a. tortur og vald.

Fleire av toppane i det politiske miljøet har kommentert LO-vedtaket. Mange har sagt seg ueinige med fleirtalet i LO og gjev m.a. uttrykk for at handel med Israel er eit gode for begge landa. Kva med dei mange landa i verda der argumenta for boikott er sterke, slik eg ser det? Kva meiner LO i desse sakene?

Siste nytt – Norge innfører merking av varer som er produserte i såkalla busetjingsområde eller som område vert omtala som okkuperte! Det er ikkje lenger nok med «Made in Israel».

Vi som lever på grasrota og utgjer «vanlege» folk bør også i denne saka tone klart flagg. Norge bør stå fram som landet som er krystallklar i kampen mot boikott av Israel på alle område!