Haram vert hugsa som ei god kommune og underteikna stemde nei til å gå inn i Ålesund. Samanslåinga kjendest som eit overgrep. Stikkord som dyrare, dårlegare, tregare, og fjernare gjeng igjen når den nye kvardagen skal beskrivast. Ei slik oppleving skal ikkje berre ignorerast. Oss sat igjen med såra kjensler kombinert med raserte tenester og ein dyr og ugunstig stor administrasjon. No er tida inne for å leggje kjenslene til side og i staden gjere analytiske vurderingar.

Stikkord

Stikkord for Haram kommune slik oss hugsar dei 30 siste åra: lave lånerenter, stabil økonomisk vekst nasjonalt, god avkastning på fond, store overskot i industrien, billig elkraft. Ei historisk god og stabil periode i norsk økonomi.

Kva er utsiktene framover slik dei ser ut nett no? Høgere lånerenter, global ustabilitet, ustabil børs, underskot hos dei største industribedriftene, dyrare elkraft. Er det realistisk å forvente at Haram kan oppstå på ny med like gode tenester som før i eit slikt perspektiv? Kan ein tru på god avkastning frå fond, eller må ein innføre eigedomsskatt for å sikre gode tenester?

Dei fleste har kunnskap om Haram sin mykje omtala fondskapital, men er Haram si mykje større lånegjeld like kjend blant folk? Korleis vil den store gjelda slå ut med stigande lånerenter? Mange peiker på Ålesund sitt etterslep på tekniske anlegg og at Haram skal vere med å betale milliardar for denne oppgraderinga som eit sterkt argument for å melde seg ut. Er der motvekt til slikt? Kva med Ålesund sin eigarpost på 52 prosent i Tafjord Kraft? Kva verdi og utbytte-moglegheit ligg her? I 2025 skal ny linje over Sognefjorden vere etablert for å jamne ut kraftprisen nordover, og kanskje vert der tatt politiske grep før den tid for å jamne ut straumprisen. Det vil gi Ålesund auka inntekter og Haram auka straumutgifter. Eigenskap i vasskraft vil vere gull verd inn i framtida. Det er ikkje ei djerv utsegn.

Sentrum-periferi

Sentrum-periferi-konfliktar vert påpeika, men var der ikkje det også i gamle Haram? Tenesteytinga i gamle Haram vert framheva som god, men den seinare tida har der vitterleg versert diverse kronikkar som gjev nyansar til dette biletet og som fortel at fleire område er forbetra etter samanslåinga. Demokrati-underskot vert nemnt, men var no alle avgjerslene i Haram perfekte? I nyare tid kan nemnast vindmøller, og revidert kommuneplan som gav kamp mot søppelsorteringsanlegg i busetnaden på Alvestad og forureining av Alvestadbukta med fiskeoppdrett. Døme på at lokaldemokratiet har trakka på bygdelag og ikkje evna å finne løysingar trass rik tilgang på aude område i kommunen, betre tilpassa slik aktivitet. Kva med Haram kommune som gikk imot etableringa av Digerneset? Var det ei god avgjerd for regionbygging, eller var det ut frå proteksjonistiske omsyn?

Lokale særinteresser

Der vert spekulert rundt Hamnsundsambandet. Kva slags motivasjon skulle der vere i Haram for å kjempe den saka? Det er lett å sjå at Nordøyvegen ikkje er fullført før Hamnsundsambandet er på plass. Når dei frå Steinshamna har køyrd bil i 45 minutt, så er dei framleis ein time frå flyplassen. Kven som vil arbeide for eller imot Hamnsundsambandet er ikkje gitt. Kan proteksjonistiske krefter sjå seg tent med å hindre handelslekkasje?

Det vert sagt at Skodje tuska til seg råflott miljøgate betalt av dei som måtte passere Straumsbrua samstundes som dei sjølve kunne køyre via Dragsundet til bommen var vekke. Dette har vore nemnt som grunnlag for mistillit og skilsmisse, men er ikkje ei slik sak eit godt døme på det motsette? Kanskje ville ei storkommune tøyla lokale særinteresser på ein betre måte?

Kjensler og identitet

Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida, men nye Haram vert ikkje som gamle Haram. Vårt minne om Haram er forma av tretti GODE år. Gode år skapa av dyktigheit, men også av ein ytre faktor, ei historisk oppgangstid. No har tida rulla vidare og føresetnadane er endra. Samtidig kan nostalgien predisponere oss til å gløyme kva utfordringar der var. Kva kan oss oppnå ved å verte verande i Ålesund og kjempe for betre tenester og mindre byråkrati, og vente med skilsmisse til oss har gitt det nye ein sjanse?

Mange er redde for ubalanse på den politiske «kjøtvekta», og syner til Sula sin exit. Sidan den tid har vel den landlege delen av Ålesund fått meir vekt, samt at Haram har selskap av Skodje, Sandøy og Ørskog. Er det då relevant å bruke frykt for forfordeling ut frå ubalansert kjøtvekt som argument for å gå ut?

Alt dette sagt er valet likevel ikkje lett. Der er sterke argument som dreg i begge retningane, særleg når kjensler og identitet vert lagt på vektskåla.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!