Den 02.05.2022 skriv Jon Hildre eit innlegg i Sunnmørsposten med ein del påstandar som er delvis direkte feil eller misvisande.

Det er rett at Thomas Jefferson har æra for å vere forfattar av USA si suverenitetserklæring frå 1776, som inneheld formuleringa «We hold these truths to be self evident: That all men are created equal».

Dette var ei stor etisk forbetring frå Aristoteles sitt utsegn: «Nokre menneske er født til å herske over sine medmenneske». Men korleis vart formuleringa oppfatta og handheva i USA?

Massachusetts var den einaste staten som tok formuleringa bokstavleg og forbaud slavehold omgåande. Seks sørstatar endra formuleringa til «Alle frie menneskje er like».

Thomas Jefferson var sjølv slaveeigar, og åtte i si levetid meir enn 600 slavar.

Thomas Jefferson var sjølv slaveeigar, og åtte i si levetid meir enn 600 slavar. Av desse frigav ha «siger og skriver» to.

Slavehald vart rekna som heilt nødvendig for den amerikansk økonomien, og afroamerikanarar vart ikkje rekna som fullverdige menneske, men som innsatsmiddel.

I religiøs samanheng, også kristen, er slike paradoks heilt vanleg.

Då Jefferson forma grunnlova la han brett på svekke sentralmakta (presidenten, senatet og kongressen). Det lukkast han med til dei grader at nesten det einaste presidenten kan gjere på eiga hand, det er å gå til krig samt å benåde amerikanske krigsforbrytarar.

Den franske revolusjonen vart fullført natta mellom den 4. og 5. august 1789. Etter at revolusjonen var et faktum, skreiv La Fayette, med assistanse frå Thomas Jefferson, Déclaration des Droits de l'Homme, et du Citoyen, som vart vedtatt av nasjonalforsamlinga den 26. august.

Lova slo fast fire grunnleggande rettar; for fridom, eigedom, sikkerheit og motstand mot undertrykking. Lova skulle gjelde ikkje berre for Frankrike, men «for alle folk, alle land og alle tider».

Ja, Jefferson var sterk kristen fritenjkar. Han kjøpte seks eksemplar av Nye Testamentet: Eit eksemplar på gresk, eit på latin, to på fransk og to på engelsk.

På grunnlag av desse dokumenta skreiv han sin eigen versjon av testamentet (The Jefferson Bible).

Alle overnaturlege hendingar og under, inkludert oppstoda, er redigert vekk.

Korleis Hildre kan omfamne eit slikt grunnlag for kristen tru, det er ei gåte.

Korleis kan USA verte heidra som eit døme på eit samfunn med framifrå demokratiske rettar og likestilling?

Ein les stadig at Hitler avviste Jesse Owens under olympiaden i 1936. Jesse Owens sjølv seier at han vart betre motteken i Tyskland enn i USA. Som døme peika han på at han kunne sitje fremst i tyske bussar og vart vel motteken på alle restaurantar.

Han er sitert på å ha sagt «Hitler didn’t snub me—it was [Roosevelt] who snubbed me. The president didn’t even send me a telegram.»

I redsel for å skremme vekk demokratiske veljarar i Sørstatane, gratulerte ikkje Franklin D. Roosevelt verken Jesse Owens eller nokon av dei 18 afroamerikanske deltakarane med deira triumfar under olympiaden i 1936.

Fyrst i 2016 inviterte president Barak Obama etterkomarane til dei afroamerikanske olympiadeltakarane til ei mottaking i Det kvite hus, og framførte ei offentleg anerkjenning for innsatsen på vegne av nasjonen USA.

Ikkje før med Lova om borgarrettar av 1968, vart rasediskriminering forbode.

Men ei ære skal Jefferson ha. Med grunnlova av 1776 er pressefridom og det frie ord sikra ei særdeles sterk stilling i det amerikanske samfunnet.