Det er dette fleirtalet i Haram er opptatt av: "Kvifor blir ikkje 72 prosent av innbyggane som stemte for lausriving frå Ålesund kommune høyrd?" Leiaren av "Vi som vil vere i Ålesund" meiner at kommunestyrets overkøyring av det stor fleirtalet i Haram ikkje er svekking av demokratiet. Ei overkøyring som vart rettferdiggjort på grunnlag av ei misvisande innstilling frå kommunedirektøren og ein uriktig påstand om fleirtal for lausriving i utbrytarkrinsane. Vedtaket frå kommunestyret om grensejustering var dessutan ikkje ein del av folkerøystinga. Ei grensejustering utan konsekvensutgreiing av kommunen. De var vel einaste mogelegheita dei såg for å stikke kjeppar i hjulet for ei ny Haram kommune. At leiaren av "Vi som vil vere i Ålesund" meiner dette er demokratisk har han sin fulle rett til, men er for meg uforståeleg.

Ein av grunnane som blir brukt for å rettferdiggjere kommunestyret sitt vedtak er at kommunerepresentantane er demokratisk valde og kan vektlegge den informasjonen dei vil for sine vedtak. Då finn eg det underleg at innsendar meiner det ikkje er ein riktig demokratisk prosess, dersom Departementet/Stortinget setter Ålesund kommune sitt vedtak om grensejustering til side, og går for at Haram kommune blir som før tvangssamanslåinga. Departementet/Stortinget består vel også av demokratisk valde representantar, eller? Er de slik at innsendar meiner at eit vedtak er demokratisk kunne når det blir gjort i ein institusjon som er einig med han sjølv?

Fleirtal i utbrytarkrinsane for å fortsette i Ålesund er berre tull. Ein treng ikkje vri og vrenge på kalkulatorane for å forstå det. Ser ein på tala frå Ålesund kommune sine heimesider er det enkel rekning. Kan dokumentere utrekningar om det ønskes.

Under demonstrasjonen på Vatne var der fleire hundre frå utbrytarkrinsane. Fleire enn dei 340 som skreiv under på oppropet deira. Påstanden om at barn blir utnytta som aktive demonstrantar er direkte stygg.

Bekymringar for økonomi og tenester i ein eventuell Haram kommune er reelle. Men kutta for skular, eldreomsorg og pleietrengande har vel aldri vore så stor som etter vi kom inn i Ålesund. Med dei enorme økonomiske utfordringane Ålesund står overfor, trur eg det er større grunn til bekymringar der.

Får berre håpe at Departementet/Stortinget avkrefte dei uriktige opplysningane i kommunedirektørens innstilling, og går for et nytt Haram utan grensejusteringar.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!