Per Bertil Lund undrar seg i Sunnmørsposten 26. februar. Han synest det er interessant at eg no omtalar Ålesund som ein tospråkleg kommune med eit nynorsk tyngdepunkt. Då har nok ikkje Lund fått med seg at det var slik eg oppsummerte utviklinga i kommunen i Sunnmørsposten 3. november 2020. Eg skreiv til og med at «nye Ålesund blir mindre prega av nynorsk enn målrørsla og bokmålsbrukarane gir inntrykk av».

I innlegget mitt 18. februar viste eg noko av det som har skjedd på desse to åra språkleg sett. Lund pyntar seg med ordet vitskap og meiner det ville hatt meir føre seg å gjennomføre ei meiningsmåling mellom dei tilsette.

Éin ting er at over 2800 tilsette faktisk blei spurde før kommunestyret vedtok språkbruksplanen hausten 2020. Det er berre éin ting ein kan og bør spørje tilsette om. Det er kva dei treng av informasjon, kunnskap og støtte for å gjere den jobben som politiske vedtak krev av dei. Kva tilsette i offentleg forvaltning måtte meine om dei politiske sakene i kraft av stillingane sine, har ikkje hatt nokon plass i det norske folkestyret etter oppgjeret med embetsmannsstaten i 1884.

Innbyggjarane i Haram vik ha sin nynorskkommune om dei går ut, skriv Lund. Det kan hende. Lund nemner ikkje korleis det då blir for innbyggjarane i gamle Sandøy, Skodje og Ørskog kommunar. Den språklege sida av saka kan fort bli eit uttrykk for spenningar mellom sentrum og periferi i kommunen, og dei spenningane er store nok frå før.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!