Det var fint å kunne bidra til at vårt eige interkommunale Krisesenter for Sunnmøre fikk ekstra støtte, med 747.000 kroner da statsbudsjettet for i år blei revidert.

Under pandemien blei Krisesentra definert til å ha ein kritisk samfunnsfunksjon Krisesentra sine tilsette inngikk derfor i ei gruppe som kunne nytte barnehage- og skoleplass, og som ikkje kunne omdisponerast.

Vold i nære relasjonar er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Krisesenteret sin innsats for å førebygge, avdekke og nedkjempe vald betyr mykje både for dei som treng deira kompetanse og hjelp, men også som del av vårt velferdssamfunn.

Handlingsplanen mot vald i nære relasjonar – Sunnmøre 2021–2025 – viser at det har vore ein vekst i talet på bebuarar, både når gjeld vaksne og barn i krisesenteret. Talet på overnattingsdøgn har auka frå under 2000 i 2018 til 4000 i 2020.

Erfaring med større flyktningsstraumar tilseier at behovet for krisesentera sine tilbod aukar. Det er også grunnen til at vi har valt å forsikre oss om at krisesentera kan stå betre rusta nå.