Leiaren av Women's Declaration International Norge (WDI), Christina Ellingsen, er kalla inn til avhøyr etter at nokon har meldt henne for å ha kome med diskriminerande og hatefulle ytringar på Twitter.

Etter det eg les i avisene veit ho ikkje kva ho er meldt for eller kven som har meldt henne.

Ein kan likevel trygt rekne med at det er for hennar syn på transideologien som no skadar barn og kvinner i Noreg òg. Ellingsen er ein forkjempar for kvinners rettar som kjønnsklasse.

Sidan eg stør organisasjonen og alt han står for, står eg absolutt solidarisk med Christina Ellingsen. Eg er samd med henne i at det berre finst to kjønn, mann og kvinne. Ingen kan eigentleg skifte kjønn.

Kvinne er ein «person av hokjønn». Ingen mann kan bli kvinne eller omvendt. Berre kvinner kan føde barn og bli mødrer. Kvinners rettar som kjønn er no under angrep.

Christina Ellingsen har sagt sanning.