Tina Bru viser nok ein gang at distriktspolitikken er Høgre sin kuttpost. Bru kritiserer regjeringa sine prioriteringar i revidert nasjonalbudsjett på gratisferjer, landbruksoppgjeret, oppløysing av gigantfylke og satsing på høgskular i distrikta.

I tillegg karakteriserer Bru hos NRK 12. mai tiltaka som «ikke nødvendig» og «gøy». Vi i Senterpartiet meiner tvert imot at ei offensiv distriktssatsing er strengt nødvendig for å bygge heile Noreg. Gratisferjer er eit stort løft for næringsliv og folk langs store delar av kysten vår, til ein liten kostnad for staten.

Når Høgre lyftar fram regjeringa si ferjesatsing når dei kritiserer regjeringa sin pengebruk, er det interessant å sjå på kva andre prioriteringar dei gjere. Når Høgre sjølv sat i regjering avviste dei blant anna alle våre kuttforslaga i det nye regjeringskvartalet og i den enorme konsulentbruken til staten. Det kan altså sjå ut til at Høgre meiner at pengane skal renne ukritisk til statlege prestisjeprosjekt medan distrikta ikkje skal forvente noko offensiv satsing.

Når Høgre og kritiserer at vi prioriterer matberedskap gjennom jordbruksoppgjeret, oppløysing av gigantfylke og høgare utdanning i distrikta viser det kor viktig det er for heile Noreg at det er Senterpartiet og Arbeidarpartiet som styrer når den økonomiske situasjonen krev harde prioriteringar.