Eg har med stor interesse følgd med i saka og debatten om Haram skal stå fram som eigen kommune etter nokre år som ein del av nye Ålesund. Starten fekk vi i samband med Høgre-regjeringa si kommunereform for nokre år attende. Mange av kommunane våre fekk då endra sin status og sine grenser.

Nokre av vedtaka var den gongen mot folkeviljen. Slik også då Haram med sine godt 10 000 innbyggjarar vart slege saman med Ålesund, Ørskog, Skodje og Sandøy. Misnøya med vedtaket knytt til Haram har vore relativt stor gjennom 2020 og 2021. Dette munna ut i at godt 4000 røysteføre frå Haram skreiv sitt namn på ei liste «Haram som eigen kommune.»

Ny regjering 2021 gav signal om at dei opna for å gjere om slike tvangsvedtak – fylke og kommunar. Ålesund kommune fekk kravet frå Haram på bordet og starta prosessen med å førebu ei sak for kommunestyret: JA eller NEI om søknad til sentrale styresmakter om oppdeling.

Kommunestyret skal gjere vedtak 17. mars. Kommunestyret har undervegs vedteke at det skulle haldast folkerøysting i gamle Haram kommune. Det skulle også gjennomførast ei innbyggjar-undersøking i alle dei tidlegare kommunane. Vi har no tala på bordet og administrasjonen arbeider med sak til 17. mars og politikarane er i tenkeboksen — meir eller mindre.

Etter mitt syn skulle saka vere grei nok. 72 prosent av dei som røysta 3. mars har sagt ja til Haram ut av Ålesund. Dette er klar tale på det spørsmålet veljarane skulle ta stilling til. Innbyggjarar-undersøkinga viser også fleirtal for det same med unnatak av Sandøy. Ålesund kommune har etter det som har skjedd så langt, eitt å gjere. Seie JA til søknad om oppdeling. Alt anna er utanfor spelereglane i vårt demokrati.

Andre problemstillingar har undervegs og etter valet dukka opp — grensejusteringar! Dette var ikkje ein del av røystinga 3. mars og bør såleis ikkje koplast med saka om oppdeling. Vi minner om utgangspunktet: 72 prosent for gamle Haram som eigen kommune. 28 prosent for status quo. Grensejusteringar kan i einskilde høve vere naturleg å gjennomføre. I dette tilfellet ser eg ikkje tungvegande grunnar for dette. Det ville vere å stykke opp ein komande og høgst truleg velfungerande kommune noko eg er rimeleg overtydd om at Haram samla vil verte også i framtida.

La folkeviljen som kom til uttrykk i folkerøystinga 3. mars verte resultatet av avrøystinga i sak i kommunestyret 17. mars. Eit klarare råd kan dei folkevalde knapt få.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!