Kommunedirektøren si innstilling er klar og tydeleg: Det er ikkje tilrådeleg med ei kommunedeling, og det er godt grunngjeve frå fleire perspektiv.

Det har vore krevjande med kommunesamanslåing for dei tilsette, og det er eintydig og sterk uro frå arbeidstakarorganisasjonane og vernetenesta at det ikkje er tilrådeleg med endå ei omorganisering.

Dette kan ein ikkje oversjå. Då det kan ende med at fagfolk forsvinn vekk frå organisasjonen i ein eventuell kommunedelingsprosess.

Det er viktig at de i kommunestyret tek avgjerda utan å la presse frå dei 3.642 som ønsker seg Haram tilbake. Totalt er det 7.829 røysteføre innbyggarar i gamle Haram, og det vil seie at eit fleirtal av desse ikkje har stemt for lausriving.

De som er valde inn i kommunestyret av folket i heile Ålesund kommune kan ikkje ta denne viktige avgjerda basert på det eit mindretal av innbyggarane i gamle Haram ønskjer.

De må sjå på all tilgjengeleg informasjon i saka, og de har eit ansvar for å gje dykkar stemme til det som er det beste for alle dei 67.123 innbyggarane i Ålesund! Det er dei store linene som er viktig når de i kommunestyret skal gi dykkar stemme.

Stem på det som er til det beste for regionen vår!

Det er ikkje rett at folket i Haram ga «eit rungande nei» til å gå inn i Ålesund kommune.

Sanninga er at det var skralt oppmøte på folkerøystinga, og at resultatet var såpass utydeleg at regjeringa ikkje såg det som retningsgivande. Når rådet var utydeleg, kan ein ikkje krevje reversering på bakgrunn av at prosessen var udemokratisk!

Ålesund kommune treng gamle Haram for å vere ein sterk og attraktiv region med god fagkompetanse og rekrutteringsevne. Vi må ruste oss for eldrebølgja som er på veg. Då er det avgjerande at vi får heim studentane våre som kan stifte familie her i Ålesund.

Vi heiar på regionkommunen Ålesund – med gamle Haram, og set vår lit til at representantane i Ålesund kommunestyre stemmer på det som er best for alle innbyggarane i Ålesund kommune – no og i framtida.