BDO skriv: «Oppdeling av kommuner er svært sjelden. Det betyr at erfaringsgrunnlaget er meget begrenset.»

Det er feil. 12 kommunar i Sverige er delte etter kommunereforma der, så BDO kunne få erfaring frå dei, slik som mange hundre norske politikarar gjorde då dei reiste på studietur til Danmark for å "lære" om kommunesamanslåingar der.

Det blir sagt frå enkelte at det har gått for kort tid for å vite resultata av kommunesamanslåinga. Sjå til Danmark. Der blei det i 2017, ti år etter kommunesamanslåingane, konkludert med at små kommuner er best til velferd.

Norge har ikkje små kommunar. Både etter areal og innbyggartal har Norge store kommunar samanlikna med resten av Europa. Gjennomsnittleg tal på innbyggarar i kommunane i EU: 5530. Norge: 11 022. Dette var før kommunesamanslåingane i Norge, så det har blitt verre.

Ser ein på enkeltland er gjennomsnittleg innbyggartal i tyske kommunar om lag det halve av innbyggartalet i norske kommunar.

Konsulentselskapet BDO skriv: «Flere påpeker i intervjuene at det er utfordringer med å rekruttere et tilstrekkelig tal på sykepleiere, spesialsykepleiere, leger og ergoterapeuter. Samtidig fremheves det at denne utfordringen er større desto lenger unna Ålesund sentrum stillingene det søkjast til er lokaliserte." Dette er feil.

Det er populært å snakke ned distrikta, noko konsulentselskapet BDO også gjer. Ein høyrer stadig at distrikta ikkje klarer å skaffe faglærte, ein må sentralisere. Ein les om lærarkrise i distrikta. Det er vanskelegare å skaffe kompetente lærarar på bygda enn i ein storby.

SSB har statistikk som syner at dette ikkje er sant. Les ein statistikken ser ein på det spesielt er eit fylke som kjem dårleg ut med ein andel lærarar utan godkjent utdanning på 23 prosent – fylket er OSLO. Om ein ser på distrikts/utkantfylket Sogn og Fjordane er det der kun 12 prosent av lærarane som ikkje har godkjent lærarutdanning. I Møre og Romsdal er det 15 prosent som ikkje har godkjent utdanning. Dei små kommunane er best.

Den yrkesgruppa kommunane har størst problem med å skaffe er sjukepleiarar. Statistikk frå SSB syner at det er dei store kommunane som har størst problem med å skaffe fagutdanna helsepersonell.

Om ein ser på delen av brukarretta årsverk omsorgstenesta med helseutdanning i prosent (2018), har store kommuner som Asker 63,8 prosent, Oslo 71,6 prosent og Ålesund 73,2 prosent.

Så kan ein sjå på nokre middels store og små kommunar: Sula 76,2 prosent, Giske 79 prosent, Ørskog 79,3 prosent. Dei små kommunane er best. Ta folkestyre og demokrati på alvor.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!