På ein kvardag vil ferjebommen gå ned og stenge vegen over 80 gonger meir enn i dag. I helgane blir det endå verre.

Det må vere flaut å lansere seg som ferjepolitisk «wonderboy», som Kjølmoen frå Ap har gjort, når vi ser korleis regjeringa sin politikk med gratisferjer og omlegging av inntektssystemet, raserer resten av tilboda. Det er heilt uforståeleg at dei som er valt inn frå Ap og Sp til Stortinget frå Møre og Romsdal, kan tillate at eiga regjering gjer dette. I staden er dei med på tidenes dårlegaste distrikts- og næringspolitikk.

Lokal utvikling og verdiskaping er viktig, og i kommunar med fjordar som må kryssast med ferje, er effektiv fjordkryssing heilt sentralt. Det er to ferjekryssingar i Sykkylven, den eine er over Storfjorden og er av dei mest trafikkerte i Norge. Den andre ferja er over Hjørundfjorden og vart gratis i 2022.

Det var positivt med gratis ferje, men kva hjelper det når ferja ikkje går! Enten må det bli betaling på gratisferjene, eller så må regjeringa kompensere for det som tidlegare er lova. For Høgre har det alltid vore viktigare å halde oppe rutetilbod og halvere ferjetakstane, framfor at enkelte strekningar skulle vere gratis.

Å vere avhengig av ferje betyr at vegen berre er open nokre minutt per time – når ferja går. I Sykkylven er vi heilt avhengig av at den går – det skulle vore fleire avgangar, men no blir tilbodet rasert.

Lokalt næringsliv blir ramma hardt. Sykkylven har mange arbeidsplassar med arbeidstakarar frå nabokommunane og mange pendlar også ut av kommunen, vi har mange bedrifter som har oppdrag i heile fylket, vi har store internasjonale bedrifter, og er møbelhovudstaden i Norge med eksport av varer både nasjonalt og internasjonalt. Alle er heilt avhengige av ferja.

Sykkylven er den nest mest sårbare kommunen i landet, etter Årdal. Årsaka er at mange arbeider i møbelindustrien. Går det dårleg i denne bransjen, rammar det veldig mange. Av den grunn har kommunen status som «Omstillingskommune», og ein får midlar for å utvikle eksisterande industri, men også skape arbeidsplassar innan anna næring, som turisme.

På strekninga Sykkylven-Magerholm er det foreslått å kutte 36 avgangar på laurdagar. Det er fleire hundre hytter på Fjellsætra med eigarar frå nabokommunane, og Sykkylven har nettopp utarbeida Masterplan for Reiseliv, der Fjellsætra er eit satsingsområde. Blir kutta i ferjeavgangane ein realitet, slår dette beina under den utviklinga Sykkylven prøver å få til.

På søndagar skal ein kutte 10 avgangar. I skisesongen med stor utfart til Fjellsætra og Strandafjellet, må nok skientusiastar frå nabokommunane belage seg på å kose seg med kvikklunsjen i køen på ferjekaia heller enn i skisporet!

Ei slik foreslått ferjerasering kan vi ikkje akseptere – Vi kjem alltid til å kjempe for ein god og framtidsretta distrikts- og næringspolitikk!