Det er påfallande, og ikkje lite skremmande, at politiet tilsynelatande medvite har gått inn for å servere presse og publikum eit anna røyndomsbilete enn det som er det riktige i denne saka. Dette kan lære oss å vere meir skeptiske til kva denne etaten deler, og ikkje minst bør aviser vere meir skeptiske til å nytte politiet sine Twitter-meldingar som truverdig kjelde. Eg har mange døme på at publikum som har vore involvert i eller vore vitne til hendingar der politiet har vore involvert, ikkje kjenner seg att i det politiet legg ut på Twitter om desse hendingane. Meldingar som då i neste runde vert nytta som truverdig kjelde i avisredaksjonane.

Kjeldekritikk er alltid naudsynt, også når det gjeld kva politiet deler med publikum, spesielt i saker der dei er involverte sjølve. I denne sak vil eg gje honnør til Sunnmørsposten og ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg, for å ta ansvaret som fjerde statsmakt verkeleg på alvor.