Geir Stenseth, gruppeleiar i Frp i Møre og Romsdal fylkesting. Foto: June R. Johansen

Noreg opplever dei største økonomiske uroa me har sett på over 30 år, og LO følgjer regjeringa si pipe lojalt, i staden for å kjempa for økonomien i arbeidsfolk og at industriarbeidarane skal ha ein jobb å gå til i åra som kjem.

Folk og bedrifter blør, statskassa håvar inn enorme beløp, men LO og LO-leiaren er heilt tyst. Kanskje er ho på «riking jakt», og har møtt seg sjølv i døra med eit smell! Med ei årslønn på 2,3 millionar merkar ho ikkje den skyhøge prisveksten.

Den største på ein mannsalder.

Prisveksten på heile 6,3 prosent siste året viser at regjeringa ikkje gjer nok for familiar flest og bedrifter. LO aksepterer stilltiande det ranet som vanlege Nordmenn blir utsett for.

LO var oppteken av å sikra auka kjøpekraft før lønnsoppgjeret. Det har dei mislykkast heilt med. For kvar einaste månad som går, misser folk meir og meir kjøpekraft. I staden for å kjempa saka til medlemmene, er LO meir opptekne av å verna den handlingslamma regjeringa til Jonas Gahr Støre.

Regjeringa «følgjer situasjonen tett», «nøye» og «løpande» utan å gjera noko.

Det er avgjerande for arbeidsplassane og folk flest, spesielt i distrikta, at me får på plass fleire prisdempande tiltak. LO burde støtta Framstegspartiet sitt forslag om å fjerna drivstoffavgiftene, halvera matmomsen og innføra makspris på straum.

Framstegspartiet har gjentekne gonger foreslått dette både for hushald og bedrifter, men utan å få støtte frå regjeringspartia og Høgre.

Og inga støtte frå LO.

Kvar er solidariteten med familiane, slitarane på golvet og folk flest?

Prisveksten et opp økonomien til hushalda, samtidig som staten tener feitt. Regjeringa har både økonomisk handlingsrom og ei moralsk plikt til å redusera effekten av prisveksten for hushalda og industrien.

Medan ei rekkje bedrifter i distrikta slit på grunn av høge drivstoff- og straumprisar varslar regjeringa óg at det kan bli straumrasjonering i energinasjonen Noreg.

Også når det gjeld dette sit LO og Peggy Hessen Følsvik musestille. Ein må nesten spørja kven LO er til for å representera.