Kunnskapsdepartementet har evaluert minstenorm for lærartettleik, som eit verkemiddel for å sikre eit minstenivå av ressursar i skulane. Skuleleiarar fortel at lærarnorm vert brukt til tidleg innsats, tilpassa opplæring og meir tid til oppfølging av einskildelevar. Nokre stader er klassene blitt mindre, noko som er ein faktor i klasseleiing.

Vi i Utdanningsforbundet meiner det er positivt at kommunane ser at lærarnorm er viktig for å sikre ressursar til skulane, og at dette vert viktigare framover med stram kommuneøkonomi.

Lærarar meiner at auken i lærartettleik gjev rom for meir variert og elevaktiv undervisning, dersom lærarressursane blir organisert på ein god måte.

I Giske kommune har det siste året vore auka fokus på å halde lærarnorma. Spenninga ligg no i budsjettprosessen for komande år, om vi framleis greier å gjennomføre lovpålagde oppgåver i oppvekst. Elevane fortener at vi greier det.