I Smp 03.02.2022, under overskrifta Kristen fridom, skriv Jon Hildre (JH), Vigra, som fylgjer:

«Det er eit sterkt vitnemål om den eineståande bodskapen frå Jesus. Jesus sa: «De har høyrt det er sagt: Du skal elske nesten din og hata fienden din. Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar og bed for dei som forfylgjer dykk, så de kan vera born åt far dykkar i himmelen». I Johannes evangeliet 3.17 står det: «Gud sende ikkje sonen sgin til verda for at han skulle døme verda, men for at verda skulle verte frelst ved han». Kan Elias Vågnes nemne ein einaste religion med denne bodskapen?»

For å ha nokon som helst verdi, må bodskapen etterlevast av dei som gjer krav på å vere kristne, elles vert det berre svada. Og eg må ærleg svare at eg kjenner ingen annan religion enn kristendommen som er tufta på eit sonemord.

Bibelen inneheld 66 bøker som alle er kristen kanon. Kong Christian den Vs norske lov som var i kraft frå 1688 til 1843, var tufta på Guds eiga heilage lov, Moselova. I tidsrommet 1783 til 1814 – ein periode på 31 år – vart 29 menneske avretta av eit folketal på 893.000.

Korleis vart dei dødsdømde avretta? Sitat frå Forordning av 7. Februar 1749 «skal uden al Naade saaledes straffes, at han af Skarpretteren knibes med gloande Tænger, først udenfor det Huus eller Sted, hvor Mordet er begaaet, siden, om det er i en Kiøbsted, paa alle Byens Torve eller offentlige Steder, og om det er paa Landet, da 3 Gange imellom Gjernings- og Retterstedet, og allersidst paa Retterstedet; dernest skal den Skyldiges høire Haand levendes afhugges med en Øxe, og siden Hovedet illigemaade med en Øxe, hvorpaa Legemet af Natmandens Folk skal lægges paa Steile, og Hovedet tilligemed Haanden fæstes paa en Stage oven over Legemet.»

Ein prest fylgde den dødsdømde til hoggestabben. Han hadde som oppgåve å syrgje for at den avretta hamna i Himmelriket og ikkje i Helvete. Kristen omsut mangla det så visst ikkje på. Det tener vår nasjonen til ære at tortur av den dødsdømde vart fjerna i 1815.

I vår kristne nasjon var alle halshoggingar til almen underhaldning. Då Jakob Alexander Jakobsen Wallin vart avretta i Bergen i 1876, hadde 5000 elleville borgarar, vaksne som born, møtt fram for å nyte den tidas «fotballkamp». Alle var nok døypte.

Eg vart høyrd i Johannes 3.16 ved konfirmasjonen. Kristen oppseding oppmuntrar ikkje til kritisk tenking. Der og då ramsa eg opp orda uten å reflektere over påstanden. I dag finn eg Johannes 3.16 totalt absurd.

Bodskap og reklame er ein ting, levevis noko heilt anna. Det gjeld same kva religion ein tilhøyrer, også den kristne. Kor mange «kristne» er det i verda som fylgjer bodskapen: « Elska fiendane dykkar og bed for dei som forfylgjer dykk»? Om dette er eit absolutt krav til den som vil kalle seg kristen, har det vel alltid vore tynt i rekkene?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!