I det siste har vi hatt fleire som har stått fram i lokalpressa med si historie om vanskane dei har hatt for å finne løysing for sine eldre. Det er på ingen måte overraskande at det kjem saker til overflata som ikkje er tilfredsstillande løyst. Er utfordringane store

no - så er vi truleg berre i starten på det som vi alle står framfor. No er det rett før dei store etterkrigskulla kjem i «voksen» alder. Synet på kva som var god eldreomsorg har variert mykje heilt opp til våre dagar. Historisk var eldreomsorga eit privat ansvar der familien stod for omsorga. Etter kvart har vi hatt eit offentleg engasjement innan denne omsorga i kombinasjon med til dels stor familiær innsats for eldre familiemedlemmer. Dei siste 50 åra har vi hatt ein sterk auke i offentlege helse- og omsorgstenester. Fleire og fleire har lenge hatt ein uro over at med talet på eldre på veg inn i pensjonist tilværet, så ville denne ordninga neppe vere berekraftig økonomisk. Utfordringa rundt eldreomsorga er det mange av oss som har sett måtte bli ei utfordring med mindre den oppnådde ei klar prioritering.

Fleirtalet i kommunestyret har så langt ikkje vore klare på dette standpunktet. Alt for lenge har fleirtalet valt å bruke pengar på det som det er kjekt å bruke pengar på. Store deler av opposisjonen har vore klare på kva prioritering kommunestyret burde foreta og har røysta deretter. Vi har vore klare på at talet på sjukeheimsplassar i Ålesund kommune måtte oppretthaldast til alternative buløysingar var på plass.

Dette vart nedstemt. Nokre av oss har ikkje forstått, at eldre som i dag har behov for sjukeheimsplass, skal klare seg med lågare pleibehov og auka bruk av heimesjukepleie som er innom eit kort augneblink nokre gonger i løpet av døgnet. Hugs dei er alt i behov for sjukeheimsplass. Er klar over at dei som arbeider i systemet gjer så godt som dei kan og heilt sikkert meir enn det og. Her står vi overfor eit organiseringsproblem i kombinasjon med eit økonomisk uføre. Framover blir det no færre yrkesaktive som skal ta seg av ein sterkt auka aldrande gruppe eldre.

Dette skjer som ein følgje av at både mor og far skulle ut i arbeidslivet og då er det offentlege som MÅ stå for aldersomsorga og dei ser at dette vil ikkje lenger henge i hop økonomisk. Mi utfordringa blir derfor: Det offentlege og i dette tilfellet kommunen må no PRIORITERE primæroppgåvene sine som er m.a. ELDREOMSORG. Vi må droppe mange av kjekt å halde på med oppgåver og begynne å fokusere på som sagt eldreomsorg og barn-og unge - skole og opplæring. I tillegg har kommunen nokre oppgåver i tillegg som dei har ansvar for. PDK vil at vi må prioritere hjelp til eldre ut frå behov og vi må legge til rette for eit samarbeid mellom private og offentlege innan eldreomsorga. Kan jo og undre seg på korleis resonnementet er når ein er ordførarkandidat og røysta for å legge ned sjukeheimsplassar i stor stil? Skal støtten då komme frå veljarane?