Spørsmålet er først og fremst stila til ordførar og varaordførar i Fjord kommune, men har intersse for ei rekkje av oss.

I vegspørsmål kjemper vi alle for best moglege løysingar for sine kommunar og bygder. Slik har det vore også i Ørskog.

Trafikkmengda gjennom bygda vår og sentrum Sjøholt har siste åra auka enormt. Nye løysingar må difor prioriterast.

Store deler av E136/E39 må leggjast utanom sentrum – frå Dragsundet til nedst i Landedalen. Ei skånsam linje gjennom Solnørdalen med tunell siste biten fram til Landedalen står for meg som det beste alternativet.

Bygdene på indre Sunnmøre inkl. Fjord kommune har mykje trafikk til og frå. Ein stor del av denne skal til eller frå Ålesund, Molde eller Austlandet.

Det einaste fornuftige påkoblingspunktet for å spare Sjøholt for mykje gjennomgangstrafikk må veljast. Ny veg frå Viset til Landedalen – Børdalslinja - må kome snarast råd med endepunkt i eit sentralt kryss ikkje langt frå Gjersled i Landedalen.

Framtidsretta!!

Eg forstår godt at Helland kjempar for å få redusert ulempene på strekninga gjennom Svorta og Valle. Eg stør gjerne tiltak på denne strekninga som kan redusere ulempene for folket i desse bygdene.

Kjemp vidare du Gudmund. Vi må no ikkje kjempe bygd mot bygd. Det er øydeleggjande. Alt, eller det meste, heng saman med alt.

Her kan det vere at vi både må gje og ta!

Oppsummering av dei fleste ønskja på strekninga Digerneset - Ørskogfjellet:

  • Ei best mogeleg totalløysing for E136/E39 for alle.

  • Størst mogeleg omsyn til natur og miljø – friluftsliv o.a.

  • Omsynet til innbyggjarane i Ørskog – Sjøholt.

  • Omsynet til innbyggjarane på Solnør og Solnørdalen

  • Omsynet til innbyggjarane på indre Sunnmøre

  • Gjennomgangstrafikkantane og lokalltrafikkantane sine behov.

Logikk kan vere så mangt. Alle må kunne kjempe for sine hjartesaker. Saman må vi kunne samle oss om det beste for flest mogeleg.

Dei fleste av oss «vanlege folk» har sterke og ofte fastlåste synspunkt i m.a. vegsaker. Av og til kan det kanskje vere verdt å krydre våre eigne standpunkt med innspel frå fagfolka innan norsk vegutbygging – eller?