Det følgjer ein eigen fridom med å kunne køyre bil frå ein stad til ein annan akkurat når ein vil. Er dette ein type fridom alle skal få? Bur ein på ei øy, skal ein då bygge bru eller tunnel? Eller er det bra nok med ei ferje? 36 prosent av dei som bur i Noreg har ikkje førarkort. Dei kan setje seg i bilen når dei vil, men skal dei nokon stad trengst det ein med førarkort. Så kan det ikkje vere ein menneskerett å kunne køyre når ein vil.

Det er mange øyer langs kysten som fekk bru og fastlandssamband for mindre tid sidan enn det bestemor kan huske. Det var før og etter brua. Ei bru som ikkje kan vare evig. Ei bru bygd av sement som forvitrar og stål som rustar. Korleis vil det vere å ha hatt fastlandssamband dei siste 50 åra, og så har ein ikkje lenger ei bru som toler at skulebussen køyrer over? Når mjølka igjen må leverast i mjølkespann og kraftforet kjem i femtikilossekk? Det vil ein nok oppleve som litt av eit tilbakesteg.

Så har vi dei som har veg som blir stengt kvar gong det har blitt ei snøfonn oppi fjellet. Eller kvar gong det kjem ei steinblokk eller to som legg seg på vegen. For nokre tiår sidan var det å få rasfarleg veg eit stort framsteg, no er vi ikkje med på slike former for lottospel. Det er nokre som meiner vi må ha ferjelaus E39 for passering av Moldefjorden. Kor viktig er det? Vi bruker for lite pengar til å halde ved like bruer, tunnelar og vegane i mellom. Vi bruker for lite pengar til å rassikre vegar. Er det viktigare å bygge tunnelar og bruer under og over Moldefjorden (og nokre andre fjordar) så nokre kan kome seg litt fortare fram når dei vil?

Ein del av løysingane for E39 vil føre til at skilnaden i tidsbruken for personbilen og bussen til auke. Skal ein køyre bussen bortom Batnfjordsøra, Molde sentrum, Vestnes og Sjøholt, så tar det tid, eller det blir bussbytter. Vanlegvis vil det føre til at passasjertalet minkar. Då vil tilbodet bli dårlegare. Det slår negativt ut for alle dei som ikkje køyrer sjølv. Skal vi gje auka fridom til dei som har mest fridom frå før, eller er det viktig at vi har samfunnsløysingar som gjeld alle? Det er tid for vedlikehald og solidaritet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!