Etter at regjeringa innstilte på at heile Haram skal ut av Ålesund, klaga ordførar Eva Vinje Aurdal til Sunnmørsposten over at dette er eit nytt tvangsvedtak. Det førre tvangsvedtaket, då Haram måtte inn i Nye Ålesund, klaga ho nok ikkje over, sidan ho var ein av pådrivarane for å få det igjennom.

I den såkalla Inndelingslova, som både ordføraren og andre politikarar vifta med for å rettferdiggjere eit forsøk på å kløyve Haram, er det fastsett at Stortinget avgjer dersom det ikkje er full semje i samanslåings- eller frådelingssaker. Sidan regjeringa gjorde eit anna vedtak enn fleirtalet i Ålesund kommunestyre ønskte, går saka til Stortinget. Heilt i tråd med lova, så det er ingen grunn til å klage.

Hans Kjetil Knutsen meiner frådelinga er ei Senterparti-sak og kallar Sp for «hestehandlar-partiet». Eg tvilar på at alle dei 4000 underskrivarane for «Haram ut av Ålesund» eller dei 3642 som gjekk for det same ved folkerøystinga, er Sp-tilhengarar. Det var nok eit genuint ønskje om å få tilbake Haram kommune.

Knutsen kallar regjeringa si avgjerd for «krumspring». Den merkelappen passar minst like bra på forslaget til vedtak han sjølv la fram, og som vart vedteke, på kommunestyremøtet 17. mars. I vedtaket står det mellom anna at « … kommunestyret har lagt avgjørende vekt på resultatet fra den rådgivende folkeavstemminga, som viser at innbyggerne i tidligere Haram kommune er delt i synet om man ønsker at tidligere Haram kommune blir utskilt som egen kommune. Kommunestyret velger derfor å dele tidligere Haram i to.»

At folket var «delt i synet» i avrøystinga er sjølvsagt heilt normalt og kan såleis ikkje vere eit plausibelt grunnlag for å gjere eit heilt anna vedtak enn det folket vart spurt om og gav eit tydeleg svar på. Vedtaket var beint fram misbruk av folkerøystinga. Eit krumspring som minner ikkje så reint lite om hestehandel.

Det stiller ikkje saka i eit betre lys at ein viktig premiss for vedtaket var den feilaktige påstanden om at det var fleirtal i valkrinsane Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytastranda for å bli verande i Ålesund. Den nøyaktige fordelinga av røystene i dei to krinsane kjenner ingen, men utrekningar basert på alle røystetala viser fleirtal for «ut av Ålesund» i begge krinsane.