Initiativet til gondolplanen kjem frå ekstern næringsutviklar. Det kan forklare ei instrumentell tilnærming der ein vil ofre sårbar natur for å berge eit økonomisk tapsprosjekt, kjøpesenteret Devold-fabrikken. Økonomiske motiv ligg bak nedbygging av eit verdifullt naturområde, og øydelegging av bustadområdet for innbyggarar i kommunen.

Attraktiviteten i naturen ligg nettopp i naturen slik han er, såkalla «urørt natur». Attraktiviteten blir kraftig forringa ved tekniske inngrep, anlegg og konstruksjonar. Paradokset er tydeleg: her vil ein øydelegge naturen for å vise han fram. Viss planen blir gjennomført, vil urørt natur ikkje lenger vere tilgjengeleg. Attraktiviteten ligg også i at naturen krev ein innsats for å kome dit. Meistring er det menneske veks på, noko Sula-folk har erfart i generasjonar.

Det framstår naivt – men forførande - å hevde at naturinngrep skal berge underskot i kjøpesenteret i ei bygd utan gjennomgangstrafikk. Enda meir naivt er det å tru at skianlegg på nordsida av eit fjell i havgapet vil trekke til seg brukarar når skianlegg i indre strok av Sunnmøre slit med aktiviteten. Prognosar for at nye arbeidsplassar skal bli varige, framstår som ein illusjon.

Ulike verdimålestokkar står mot kvarandre her. Høgfjellsmyr, kystlynghei og vassdrag er spesielt sårbare naturtypar med høg verdi for både naturmangfald og klima. Inngrep vil vere i openberr strid med måla formulert i Montreal-konferansen 2022 og Stortinget si målsetting om vern av naturmangfald og klimamål. Fleire artar vil bli pressa ut av leveområdet sitt, t.d. hjort, ørn, heilo, og spektakulære opplevingar i stille fjellområde vil forsvinne. Fjellet vil også bli forringa som beiteområde for sau, som i dag eksisterer i harmoni med vilt dyreliv. Nasjonale og internasjonale faginstansar åtvarar mot ei bit-for-bit-nedbygging som forsterkar naturtapskrisa og den dramatiske nedgangen i talet på artar. Klimaavtrykket av å grøfte og drenere myrområde er uakseptabelt stort, og nasjonale klima- og miljømyndigheiter krev ei restriktiv haldning til slike inngrep der ikkje betydeleg samfunnsnytte ligg til grunn. Kommersielt reiseliv har ikkje slik status. Biprodukt av kortsiktige, økonomiske perspektiv vil vere irreversibelt øydelagt natur for framtida – og langsiktig tenking taper.

Turkultur er materiell og immateriell kulturarv. Sula kommune har ansvar for å ta vare på den arven for komande generasjonar, med dei helse- og trivselsgevinstar naturen gir i dag. Desse verdiane er usynlege i eit reknestykke med kroner og øre. Ved ei utbygging blir verdien av Sulafjellet som turmål for folk i Sula og nabokommunane, sterkt redusert, og bygda langt mindre attraktiv å busette seg i.

Konklusjon: Gondolplanen på Sulafjellet bør ikkje gjennomførast.