Ambulant seksjon frå Myrvåg til Volda og Mork rehabiliteringssenter til Ålesund.

Ambulant seksjon, som inneheld tre ulike team som tilbyr heimebehandling innan psykisk helse, vart etablert todelt mellom Volda og Larsnes for om lag 10 år sidan. Begge stadar er utkantar på Søre Sunnmøre. Seinare vart det av Transportøkonomisk institutt utført analysar som viste at Haddal var det best eigna økonomiske og logistikkmessige midtpunktet for denne spesialisthelsetenesta for innbyggarane i regionen. I prosessen med å finne godt eigna lokale nærast dette punktet, landa ein i Myrvåg, som då vart valt som base for tenestene på Søre Sunnmøre.

Lokale utleigarar i Myrvåg såg verdien i desse tenestene og etablering av statlege arbeidsplassar. Husleige har difor vorte halden lav. Ei flytting til leigde lokale i Volda vil auke husleige med fleire hundre tusen kroner.

Rekruttering av psykiatrar og psykologar er utfordrande i heile regionen, ja kanskje heile landet. Ambulant seksjon har alltid klart å finne gode løysingar for å stette dette behovet.

Psykiater og psykolog er viktige og heilt vesentlege fagpersonar i ein Ambulant Seksjon, la det vere heilt klart. Det er likevel verdt å merke seg at dei fleste heimebehandlingane skjer av andre fagpersonar ved seksjonen. Denne kompetansen er også heilt vesentleg for å ha eit spesialisttilbod av denne kvaliteten. 1 eller 2 tilsette er ikkje uerstattelege, og normal avgang og nytilsetting skjer med jamne mellomrom. Men dersom 10–15 kompetente fagfolk forsvinn ved ein flytting, vil det vere kritisk for Ambulant seksjon og spesialisthelsetilbodet. Det vil ta mange år å bygge ein slik kompetansebase på nytt

Ei samlokalisering av seksjonane i Volda KAN gi positive effektar for rekruttering og kompetanseflyt. Dette argumentet er ikkje lenger aktuelt, då det etter det siste framlagde forslaget vil verte to ulike lokasjonar i Volda.

Kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta, har ulik demografi og ulike løysningar for korleis stette behova til innbyggarane innanfor psykisk helse. Det bør ikkje vere slik at når kommunar brukar ulikt så skal ein flytte rundt på ein base alt etter kvar trykket på eit gitt tidspunkt er størst. Det er her ambulante tenester gjer seg gjeldande og har sin unike styrke, ein er mobil. Fagfolka bruker då mindre tid i bilane og får meir tid til heimebehandling. Transportøkonomisk og logistikkmessig er Myrvåg såleis det mest ideelle for fellesskapet Sjustjerna.

Eg tillèt meg å stusse når ein vel å flytte ein sentralt plassert kompetansebase i Myrvåg til ein utkant, som Volda er i denne samanheng på Søre Sunnmøre. Dette vil føre til meir tid i bil for tilsette og dermed mindre tid til heimebehandling for innbyggarane. Økonomisk dyrare for helseføretaket, og fare for at 30–40 % av kompetansen i spesialisthelsetenesta på Søre Sunnmøre ikkje vert med vidare.