Alkohol kan ha negative konsekvensar for den psykiske helsa. Likevel er omgrepet «å drukne sine sorger eit utbreitt fenomen.

Når vi ser karakterar i tv-seriar og filmar handtere vanskelege kjensler og tunge periodar er det ofte alkohol karakterane tyr til. Populærkulturen har på mange måtar normalisert det «å drukne sine sorger» med alkohol. Eit omgrep som er godt innarbeida hos mange og blir oppfatta som ein akseptabel reaksjon viss du står i ein vanskeleg livssituasjon.

Men ikkje alle har kunnskap om korleis alkohol påverkar vår psykiske helse. Ein Ipsos-undersøking gjort på vegner av alkovettorganisasjonen Av-og- til viser at tre av ti ikkje kjenner til samanhengen mellom alkohol, angst og depresjon.

Alkohol kan rett nok virke dempande på angsten eller vere ei mellombels pause frå sterke depressive kjensler. Kanskje alkoholen bidreg til å gi deg meir sjølvtillit slik at den sosiale angsten forsvinn i nokre timar.

Alkoholen kan for mange virke roande og redusere stress og bekymring, samt gi økt sosial tryggleik dei timane ein er rusa. Men kva pris betalar psyken for den kortsiktige lykka alkohol gir?

Når vi drikk, aukar nivået med lykkestoffa dopamin og endorfin. Idet vi sluttar å drikke og levra skal bryte ned etanolen, oppstår det eit underskot på lykkestoffa fordi kroppen har sett sin eigen produksjon på pause. Det kan føre til at angsten aukar og blir verre.

Forsking viser også at det er ein samanheng mellom høgt alkoholforbruk og depressive symptom. Om du brukar alkohol for å dempe vonde kjensler i ein vanskeleg livssituasjon kan alkohol bli ein meistringsstrategi for å takle depresjon.

Alkohol kan både utløyse depresjon og forverre symptom for dei som allereie slit med depresjon. Samtidig viser forsking at sjølvmedisinering med alkohol aukar risikoen for alkoholavhengigheit.

Å sjølvmedisinere seg med alkohol, eller populært kalla «drukne sine sorger», vil difor virke mot sin hensikt i det lange løp. Den kortsiktige lykka er kanskje ikkje verdt det når vi ser på følgene av alkoholbruk i tunge periodar. Alkohol blir meir enn quick fix, men ein quick fix fungerer som regel ikkje i lengda.

Sjølv om alkohol ofte er løysninga på vanskelege situasjonar hos karakterar i tv-seriar og filmar, er ikkje dette ein meistringsstrategi som vil fungere i det verkelege liv. Slit du med depresjon, angst eller står i ein krevjande livssituasjon, kan det heller hjelpe å prate med nokon i staden for å drikke bort sorgene dine for ei kort stund. Å sette ord på det vanskelege og sortere tankane sine vil kanskje vere ei betre løysning enn rusens tåke.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!