Noverande regjering har no stolt forkynna at havvind skal verte vårt neste industrieventyr. Og som vi veit så er eventyr oppdikta og stort sett rein fantasi.

Det har vore breka x tal gonger om kor sårbare hava er, og så vil ein altså køyre på med storindustri midt uti matfatet? Alle vindturbinane inneheld store mengder tungolje. Kva viss der vert lekkasjar? Kva med dei helsemessige utfordringane med mikroplast? Kva om turbinane endrar levevilkåra for fisk og sjøplanter? Kva om turbinane endrar vêrforholda? Kva med småfiskarane og deira levebrød? Er det gjort optimale konsekvensutgreiingar? Har ein finrekna på kva "eventyret" vil koste? Kven tener på denne massive utbygginga? Havvindlobbyen har tala politikarane trill rundt, for i realiteten er dei som bygg ut berre ute etter subsidiane (også kjend som risikoavlastningar). Eg trur eventyret vert eit økonomisk mareritt for deg, meg og alle vi vanlege skattebetalarane.

Tenk om politikarane innsåg realitetane, heiv seg rundt og sa dette: – «Vi stoggar no all eksport av straum til utlandet gjennom kablane for å hindre at prisane vert for høge her heime. Vi går òg prompte i gang med å oppgradera alle eksisterande vasskraftverk.»