Jørn Agersborg ( kommunalsjef teknisk, Sula) og Arne Olav Bang (verksemdleiar vatn og avlaup, Ålesund) har ein kronikk kalla «Deilig er fjorden» i Smp 12.12.22. Same kronikken finn vi i Sula si heimeside. Det er ei lovprising av planane om å bygge eit digert kloakkreinseanlegg på Indre Sula, og make til halleluja-innlegg er heldigvis sjeldan. Ikkje ei einaste motførestelling klarer dei å sjå.

Dei legg veldig vekt på at Borgundfjorden er gyteområde for Borgundfjordtorsken, og at torsken er «utolmodig etter å få rydda opp (…)». Denne oppryddinga skal skje med å bygge det store anlegget på Kongshaugstranda, med utslepp til Storfjorden utfor Kvasneset.

Så då skal borgundfjordtorsken få det betre. Men er det ikkje like viktig med det fisket som skjer i Storfjorden? Eg driv ikkje fiske sjølv, men eg har fått fleire telefonar frå gamle folk som seier at det planlagde utsleppet vert plassert midt i den beste kveiteplassen i heile Storfjorden. Er ikkje det viktig?

Det skal vere viktig å ha eitt stort anlegg i staden for mange små, og det skal gi billegare drift. Foreløpig prisestimat for bygginga er no 2,1 mrd. kroner, og då er det endå mykje som ikkje er tatt med, så det vil kanskje bli nærare 3 mrd. kroner. Det er tøv å påstå at dette vert billegare enn å bygge 2 eller 3 mykje billegare anlegg.

Dei gjer også eit nummer av at det er mykje vatn i Storfjorden, samanlikna med Indre Oslofjord. Men argumentasjonen har i årevis gått på at utsleppet vil bli frakta vestover langs land med fjordstraumen, til ope hav. I så fall er det heilt irrelevant kor stort volum vatn som er i heile fjorden, for der skal utsleppet ikkje hamne.

Samanlikninga med Indre Oslofjord ser eg heller ikkje poenget med. Rett nok er Indre Oslofjord sterkt ureina av kloakk, men alarmklokkene har gått også i Ytre Oslofjord. Den er svær, er i direkte kontakt med havet, og får vassforsyning frå dei største elvane i landet, m.a. Glomma, Drammenselva, Numedalslågen og Skienselva. Likevel druknar den i «piss», for reinseanlegga har ikkje nitrogenreinsing. Får anlegget på Sula nitrogenreinsing?

20. desember skal planutvalet i Sula bestemme om reguleringsplanen skal leggast ut på høyring. 6 veker høyringsfrist. Skal høyringsfristen gå i jul og nyttår?

Kronikken frå Agersborg og Bang er ei rein lovprising til planane om felles storanlegg. Men kommuneadministrasjonen i Sula er pålagt av Sula kommunestyre å greie ut alternative løysingar, noko som skulle ha vore gjort for lenge sidan. Vert dette gjort?

Eg les denne kronikken som eit politisk innlegg i ei sak som er under politisk behandling. Etter kronikken å døme så har «administrasjonane» bestemt seg. Men har funksjonærar som er tilsette i kommuneadministrasjonane noko med å «bestemme seg»? Er det ikkje slik at dei er pliktige til å opptre politisk heilt nøytralt, og gjere det dei får beskjed om av politikarane?