Det er lov å sykle i mange av tunnelane som finst og med enkle grep kunne det blitt tryggare både for syklist og bilist.

Syklist i tunnel er så enkelt at syklisten trykker på ein knapp og straks kjem eit blinkande varsellys så bilisten blir klar over at her ligg det syklistar på hjul framom meg. Lys på sykkelen og anna god merking må og til.

Salet av elsyklar og sykkelturismen aukar kraftig og her er det om å gjere å legge til rette slik at vi får auke i denne særs miljøvennlege turismen. Ofte går turane ut på øyane og i fjellområda i distrikta, med god spreiing av både turistane og pengane dei legg igjen.

Syklistenes Landsforening uttaler: «I henhold til forskrift til veglovens paragraf 13 skal det ved planlegging og utbygging av veinettet fastlegges hvordan gang- og sykkeltrafikken skal avvikles. Veiholder har ansvar for å gi «syklende» et tilnærmet like godt tilbud når tunneler blir stengt for syklande og når fergeforbindelser erstattes med undersjøiske tunnelar.»

Om lag 750 av dei 1.200 tunnelane som finst i Norge er det lov å sykle i. Eg trur at mange av dei det er lov å sykle i ville bli mykje tryggare med «Syklist i tunnel». Samtidig trur eg at mange av dei som ikkje er lov å sykle i kunne blitt opna for sykling om ein tok nokken nye grep.

Vi er tre karar frå Molde som har sykla Molde – Pasvik i etappar over fleire år. Krifast var første tunnelen vi kom til og det var deilig med bussen som frakta oss under havet. No skal vi sykle vestover til Ona og så sørover Nordøyvegen over Valderøya og til Runde. Vi er vant til å bruke ferje, buss og hurtigbåt innimellom. Men vi har sykla så mange tunnelar før at vi veit godt at med den trafikkmengda Nordøyvegen har, ville det vore fullt mogleg å sykle der om det blei lagt til rette for det.

Går turen langs kysten i eiga fylke bra, ser eg ikkje bort ifrå at vi dristar oss inn i fjordane neste år. Skilting med syklist i tunnel vil gjere ferda lettare når vi skal gje oss i kast med høgdemetrane.

Vil vi ha sykkelturisme må tunnelane på riks- og fylkesvegane gjerast tryggare med skilting og info om kva ein skal gjere om ein ikkje får sykle dei. Her kan samferdsleutvalet i Møre og Romsdal gjere nytte for seg og på billeg vis legge til rette for aktivitet som og vil skape jubel i folkehelseutvalet!

Statens vegvesen Midt har hittil brukt hundrevis av millionar kroner på planlegging av ein tunnel under Romsdalsfjorden og dei held fram sjølv etter at storting og regjering har sagt nei dette vil vi ikkje ha. Noko som føre til at ein drøss sakshandsamarar og politikarar i kommunane må handsame store mengder sakspapir om det eine og det andre.

Tenk om Statens vegvesen leste sine eigne dokument om mjuke trafikantar og deira rett til komme seg fram, og fekk på plass «syklist i tunnel» der det går an.