Eg har gjort meg mine tankar og det er eg vel ikkje åleine om. 5 milliardar var prislappen. Av det er det rekna ut at 1 milliard er moms. Her har vore mange dyktige folk i arbeid med prosjektet og dei har nok betalt mykje skatt.

Mange bedrifter har betalt inn milioner av kroner og i fleire år betalte vi meir i ferjebillettar der ein del skulle gå til bygging av vegen. Vi fylte opp heile kvoten.

Kva om vegen ikkje vart bygd: Jau, då måtte der byggast minst 3 nye ferjeleiar, 4 nye ferjer, "grøne" må vite, og då må der byggast kraftleidning til alle ferjekaiene – 7 i alt. Og det skulle vere gratis å reise med ferjene. Kan den som har bestemt billettprisen svare på det. Det er eit reknestykke som ikkje gjeng opp etter min tankegang.

Eg er ingen økonom, men eg trur eg har litt sunt bondevett. Det seier meg at no må det skje ting, elles så blir det ikkje så mange som betaler. Folk er begynt å flytte frå øyane og ikkje til.