Så eg ber dykk, Helse Møre og Romsdal: Lat Mork leve!

Eg er halvvegs i sjukepleiarstudiet ved NTNU i Ålesund. I haust har eg vore i sjukepleiarpraksis ved Mork rehabiliteringssenter i åtte veker. Eg har sett eit fagleg miljø stå på kvar einaste dag for pasientane. Kvar einaste vakt har eg late meg imponere over kva som er mogleg å få til.

Veke 1: Vi får inn ein pasient som er immobil, og må bruke seglheis for å forflytte seg. Dag for dag, veke for veke blir hen følgt tett. Blir gitt meir og meir ansvar. Blir gitt tøffare og tøffare opptreningsrutinar. Og vi ser vedkommande gå frå bruk av seglheis til bruk av rullestol. Møter vi motstand? Ja. Men vi ser vedkommande gå på med krum hals. Då eg hadde siste praksisdag den 13. desember, helsa eg vedkommande farvel med eit stort smil om munnen. Då gjekk hen med rullator i gongane, for sjuande gongen den dagen.

Dette er ikkje mogleg å oppnå utan fagleg spisskompetanse i sjukepleie, i ergoterapi, i fysioterapi – og ei rekkje andre fagområde. Dette er ikkje mogleg å oppnå utan eit fagmiljø som har ei usvikeleg tru på dei ressursane som ligg i pasientane, og som har kunnskapen til å få henta dei ressursane fram.

På åtte veker har eg sett mange slike pasientar. Som har gått frå å bli ramma av ei katastrofe, som funksjonstap blir opplevd av pasientane, til å sakte men sikkert gå på med alt dei har av innsats – og som kvart einaste steg på vegen har blitt støtta og utfordra av tilsette med lidenskap og kunnskap om fagfeltet som rehabilitering er.

Ein kan ikkje sette ein pris på det eg har vore vitne til. Med mindre ein sit i styret til Helse Møre og Romsdal, ser det ut til. Ein vil med opne auge altså leggje ned eit tilbod som pasientane ikkje kan få fullrost nok, med ein fagleg kompetanse på rehabilitering andre regionar kan misunne oss. Med eit arbeidsmiljø som er i toppklasse. For å spare pengar. Det er ikkje då eit spørsmål om at ein kjem til å spare seg til fant, det er eit udiskutabelt faktum.

Ja, eg veit at budsjettdisiplin må til. Eg har sjølv i mi tid kjempa mot umoglege budsjett. Og eg veit nøyaktig kor demotiverande det er. Men likevel: Vi som region fortener Mork. Pasientane fortener Mork. Og dei tilsette, møtt med nedleggingstrugselen for kven veit kva gong, fortener Mork.