Solberg-regjeringa la dette inn i Nasjonal transportplan 2022–2033. No er det opp til regjeringa å følgje opp med midlar slik at Nye Veier AS og Statens vegvesen kan sikre framdrift i utbygginga av Eksportvegen.

Ved handsaminga av Nasjonal transportplan 2022–2033 våren 2021, var det stor semje om å prioritere E136 Eksportvegen. Nye Veier AS har fått tildelt strekninga frå Dombås til Vestnes. Det første prosjektet som står for tur er krabbefeltet i Brustuglia i Romsdalen. I tillegg er det fleire andre flaskehalsar og utbetringsprosjekt på strekninga som må prioriterast.

Resterande del av E 136 frå Vestnes til Moa er felles med E39 og er prioritert som ein del av utbyggingsprosjektet E39 Ålesund-Molde i regi av Statens vegvesen. Det er særs viktig at arbeidet har høg prioritet og at Statens vegvesen saman med dei gjeldande kommunane vert einige om trase på fellesstrekninga E39/E136 og har god framdrift i planarbeidet.

Ferdige planar er naudsynt for at eit prosjekt kan startast opp, men det er ikkje nok. Nye Veier AS og Statens vegvesen må ha midlar til å gjennomføre prosjekta. Skal prosjekta på E136 ha god framdrift må Nye Veier AS få vidareført og indeksjustert si finansieringsramme. Ein reduksjon vil sette prosjekta på E136 i spel. I tillegg må arbeidet med fellesprosjektet E39/E136 frå Vestnes til Moa sikrast framdrift.

So langt har samferdselsministeren brukt det første året i regjering på å snakke om alle prosjekta som skal nedskalerast eller utsetjast. Det er lite som tyder på at samferdsel er eit satsingsområde for denne regjeringa. Etter åtte år med ei massiv satsing på bygging av infrastruktur med Solberg-regjeringa, fryktar vi at samferdsel vert ein salderingspost i statsbudsjettet for 2023. Det vil vere særs uheldig for Møre og Romsdal som har fleire store og viktige samferdselsprosjekt som står for tur, både på E136 og E39.

No må vi samle kreftene og jobbe saman for å få oppstart på dei prosjekta som er prioritert i Nasjonal transportplan 2022–2033. Då kan ikkje samferdselsbudsjettet bli ein salderingspost for at regjeringa skal ha råd til å gjennomføre unødvendige og kostnadskrevjande reverseringsprosjekt.