Det er du som innbyggjar i Møre og Romsdal som bestemmer, ikkje Høgre, SP og AP sine representantar her i fylket, som ikkje bryr seg eit kvidder om innbyggjarane!

Nasjonal transportplan vert vedteken i Stortinget, mot innbyggjarane her i fylket si meining.

Dette er sjølvsagt berre ein «plan» utan verken pengar eller realisme gjeldande Møreaksen, som sjølvsagt eit nytt storting etter valet styrer over.

I gjeldande NTP vedteken i 2017 står mange prosjekt her i fylket til ein samla sum på 4,4 milliard Kr, og ikkje ein meter av dette er bygd fram til i dag.

Ikkje eit einaste bindande vedtak er gjennomført i statsbudsjett ang. Møreaksen, og det er du som innbyggjar som bestemmer om FrP igjen blir store nok i oppslutning, til enda ein gong kunne stoppe Møreaksen.

Romsdalsaksen eller framleis ferjer over Romsdalsfjorden er svaret, og dette er det du som innbyggjar som skal bestemme.

Reis deg opp, innbyggjar i Møre og Romsdal, stopp Møreaksen der du klart og tydeleg vise dette ved å stemme FrP i Stortingsvalget 13. september.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!