For ein prestasjon, dei siste åtte åra med tidenes økonomiske situasjon, rekordoverføringar til kommunane, omtrent nullrente til kommunar, store fond brukt opp, og kraftselskap selt.

Gratulerer Stranda. Premien vart rett inn på Robek og både budsjett for 2023 og økonomiplanen for 2024–2026 vart oppheva. Dette har nok ikkje skjedd før i nyare tid her i fylket.

Når skal Stranda kommune sin økonomiske situasjon og verkelegheita gå opp for Sp?

Vedum og Støre køyrer landet i grøfta, og lokale Sp-representantar gjennomfører drifta av kommunane på akkurat same viset: Totalt i utakt med verkelegheita, totalt i utakt med folket og den økonomiske situasjonen.

No står Stranda kommune der raka blakk. Kommunen har brukt godt over 200 mill. kr dei siste åra, og blant anna til brannbilgarasje til ca. 70 mill. kr i Geiranger som «bit kommunen bak».

Ja, for dette skal betalast.

I budsjettet for 2023 som no altså Statsforvaltaren oppheva, skulle det takast opp enda meir lån, nye 64 mill. kr. Alle som kan å rekne veit at med ca. 5 % rente og ca. 30 års nedbetaling, så blir dette gale når kassa er totalt tom.

No står det føre oss alle i Stranda ein gedigen ryddejobb, og omstillingsbehovet som må kuttast er på mange titals mill. kr pr. år.

Dette kjem til å smertast, og konsekvensane blir brutale der ca. 90 % av kostnadane til kommunen er løn.

Driftsnivået er for høgt, og som tidlegare økonomisjef sa så kom kommunen i Robek innan få år dersom ein auka driftsnivået utover 2018-nivået. Og økonomisjefen Ståle Anker Ljøen fekk grundig rett!

FrP har stått aleine i kvart eit einaste budsjett sidan 2019, der våre årlege protokolltilførslar viser at vi meinte budsjetta både i 2019, 2020, 2021 og 2022 var uforsvarlege og auka driftsnivået langt utover berekraftige nivå.

Meir enn 40 mill. kr vart auka i drifta fram til no, og dette må no kuttast ned igjen, varig i drifta pr. år.

Over 100 mill. kr må faktisk omstillast framover i Stranda, og kommunen er faktisk køyrt økonomisk rett ut for stupet, i tidenes beste økonomiske periode dei siste åtte åra her i kommunen og i landet.

Vi håpar at i alle fall Høgre og andre ansvarlege parti no støttar oss i FrP med at no nyttar ikkje dette her lenger. No må alvoret takast fatt i og kommunen treng eit nytt fleirtal og eit nytt politisk styre.

Meir av «feil medisin» nyttar ikkje no, og dermed må politikarar som faktisk forstår alvoret ta tak ilag og rydde opp etter Sp.