Eg vart her ein dag oppringd av ein ektefødt ålesundar som ville takke for innlegget eg hadde i Sunnmørsposten 17. mars. Personen opplyste å vere frå «ÅKK — Ålesund korrupte kommune», og eg forstod at denne kategoriseringa av Ålesund var bygd på akkumulert frustrasjon. Eg har ingen føresetnad for å gå god for denne kategoriseringa av kommunen, men dersom eg sjølv skulle gi ei kategorisering av kommunen, ved kommunestyre og administrasjon, basert på denne saka så ville det bli vanskeleg å finne ein karakteristikk med positivt forteikn.

Det måtte ei underskriftskampanje for reversering til før det vart gjort noko frå kommunen sin side i denne saka. Kampanjen fekk så mange underskrifter at kommunen ikkje lenger kunne unndra seg folkerøysting.

I valet stemte nær på 72 prosent av innbyggarane i tidlegare Haram reversering så saka burde vere heilt grei og dermed parkert.

I ettertid vart det likevel oppretta ein protestaksjon av nokon frå valkrinsane Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytestranda for å framleis tilhøyre Ålesund. Denne aksjonen fekk 374 stemmer. Som ein motaksjon mot dette vart det starta ei ny aksjonsgruppe som fekk 904 stemmer.

Det høyrer ingen plass heime at kommunestyret skal ta omsyn til protestar når det ligg føre eit endeleg valresultat frå eit lovleg val, og endå verre når kommunestyret tek omsyn berre til den eine og minste parten og let dette overstyre valet.

No vart det hevda frå administrasjonen, også ved kommuneadvokaten, at kommunen hadde lov til å gjennomføre grensejusteringar, men det er ingen ting som tilseier at ein må gjere dette. Når det frå høgare hald vart opna for at ein kunne reversere tvangssamanslåing av kommunar og at det då kunne vere rom for grensejustering så meir enn tvilar eg på at det dekker å trekke krinsar ut av Haram. Dersom det av praktiske og geografiske grunnar var grensejustering av typen som eksempelvis å slå tidlegare Sandøy kommune saman med Haram, då kunne det kanskje vere forståelege. Men slik som her, at ”storebror” skal grave til seg, det går berre ikkje an.

Vedtaket i kommunestyret kan best karakteriserast som urett, svik, tragedie og ran. Å eventuelt trekke ut desse krinsane øydelegg grunnlaget for å gjenskape ei godt fungerande Haram kommune.

No må eg likevel seie at det i kommunestyret er mange svært dyktige og fornuftige politikarar og eg skal vere forsiktige med å døme alle under eit, men totalinntrykket basert på denne saka er slett ikkje det beste.

Men når no dette skal opp i ein høgare instans så må vi både håpe og tru at det er meir fornuft og gangsyn i det fora.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!