Overskrifta syner til den mest kommenterte samfunnssaka i media siste året når det gjeld kommunepolitikken, med topp engasjement etter vedtak i kommunestyre i Ålesund om utskiljing av «Gamle Haram» til å stå fram som eiga kommune med grenser som før samanslåinga frå 1.1. 2020.

At vedtaket i kommunestyret enda med å dele opp kommunen etter nye grenser, der indre og vestre område av «Gamle Haram» framleis skal vere saman med Ålesund, medan ytre delen skal stå fram som eiga kommune, vart nok i meste laget for pådrivarane for oppdeling av Ålesund kommune.

Som tidlegare politikar i Haram undrar det meg at representantar for mindretalet i kommunestyret reiser til Oslo, for å drøfte med kommunalministeren om fleirtalsvedtaket i Ålesund kommunestyre! Heilt ukollegial oppførsel og demonstrasjon mot demokratiet og folkestyret som me kjenner det her til lands.

Det merkelege med denne motstanden mot «storkommunen» og ropet om vanstyre kjem nettopp frå dei som sit i posisjon/fleirtal og må ta ansvar for om det er mangelfull styring av kommunen. At dette er representantar frå Ap i Haram og Sp frå Ålesund som dei argaste pådrivarane, er vanskeleg å forstå, men når ein spelar på lag med Sp på riksplan, der finansministeren støttar opp om oppdeling og lovar økonomisk stønad i storleiksorden 75 millionar kroner – midlar som kunne vore brukt til fellesskapen i Ålesund kommune gjev det vel ei meining.

At det frå den politiske eliten mellom dei som vil dele opp att kommunane, ikkje har vore nemnd i den pågåande diskusjonen kor mykje meir ein kan få til om ein lyfter i flokk.

Vårt område taper mange ungdomar som reiser til andre område i landet, mest til dei store «magnetane» Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø for å studere, og der vert dei gjerne verande etter som det er der det er mest tilgang til arbeidsplassar som krev høg kompetanse.

Ålesund har i seg mange positive og gode tilbod, og har så absolutt eigenskapar ved seg som kan medverke til å vere eit sentrum for regionen – også for heile Sunnmøre. Då er det utruleg at representantar frå «Gamle Haram» skal vere dei som går i brodden for å bygge ned denne kommunen til fordel for noko dei ikkje ser konturen av.

Til overmål kan resultatet av kommunestyrevedtaket verte at me får attende kommunale grenser for «Gamle Haram» som var gjeldande frå 1837 til 1965 – frårekna Roald kommune frå 1890, og Myklebost på Harøy og Uksenøya frå 1965.

Eg skal på ingen måte delta i ein diskusjon om Nnye Haram vil greie seg økonomisk. Kommunen vil sannsynlegvis få overført dei statlege midlane på same bakgrunn som alle dei andre kommunane i landet.

Eit er i alle høve sikkert; eigedomsskatt må den kommunen ha frå fyrste dag, og det i høgste sats!

Eg har den von at statlege mynde ser galskapen i å dele opp att Ålesund kommune. Saka er for viktig for regionen vår om denne skilsmissa skal føre fram. For dei som meiner at avstandane er for store frå utkant til kommunesentrum, må det vere lov å spørje om det er eit argument samanlikna med andre kommunar.

Kva med til dømes Molde, med grenser frå Dryna i vest til Oppland grense i aust? Eg har registrert at einskilde har teke fram Hamnsundsambandet som argument for dårleg samhandling.

Den kunne visseleg ha vore betre, men det var i si tid Haram som sette ned foten med å kople det opp mot Ålesund-tunnelane etter initiativ frå ordføraren Ålesund, Svein Tømmerdal. Det er utan tvil slik at skal det sambandet realiserast, må me ha Ålesund kommune til både å drage og skubbe på!