Etter vår meining er ikkje forslaget grunngjeve godt nok, det finst eit betre alternativ og vi får eit sterkt svekka fagmiljø. Dei som må bere kostnadene for dette er til sjuande og sist pasientane.

Vi, som er ein del av LHL og LHL Hjerneslag og Afasi, må syte for at dei slagramma og personar med afasi si stemme blir lytta til. Det som no skjer er ikkje i denne pasientgruppa si interesse.

Vi er ikkje i tvil om at det er eit godt fagmiljø ved Ålesund sjukehus. Men fleire oppgåver vil også krevje fleire tilsette. Kor mange av dei som i dag er tilsette ved Mork rehabiliteringssenter – om lag seks mil og ein og ein halv times bil/ferjetur frå Ålesund éin veg – som vil eller kan følge med, er svært usikkert. Mest truleg vil ein med dette miste det gode fagmiljøet som er bygd opp ved Mork over fleire tiår.

I åra framover er det behov for å styrke både slagrehabilitering spesielt og rehabilitering generelt. Vi treng – slik Mork rehabilitering har i sitt tilbod – fleire sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og sosionomar. Å legge ned rehabiliteringstilbodet på Mork er ikkje eit bidrag for å styrke rehabiliteringa, men det motsette.

Vi forstår økonomiske argument, men vi forstår også samfunnsøkonomiske konsekvensar. Administrasjonen sitt forslag legg vekt på berre det første. Vi har grunngjeve omsynet til dei vi representerer og fagmiljøa.

Nedlegginga av Mork rehabiliteringssenter må utsetjast til tilbodet i si heilskap kan lokaliserast ved Volda sjukehus. Etter det tilsette ved Mork opplyser, så er det ikkje noko i vegen for å bruke lokalitetane der i nokre år til, så det er god tid til å tenkje seg om ein gong til.