Etter å ha korrespondert med partileiinga og fleire andre høgt plasserte tillitsvalde i Senterpartiet i seinare tid, er det openbert at partiet og regjeringa manglar forståing for den djupe krisa som norsk landbruk er inne i. Ei krise som rammer bønder som yrkesgruppe, men som og utfordrar matvareberedskap, busetjingsstruktur, kulturlandskap og infrastruktur som basis for allsidig verdiskaping i distrikta.

Det er skuffande og oppsiktsvekkande at regjeringa og Senterpartiet ikkje tek situasjonen meir på alvor. Korleis kan det elles forklarast at statsministeren, i sin 15 minutt lange nyttårstale, snakka om alskens utfordringar – utan å nemne modernæringa med eit einaste ord? Burde ikkje statsministeren, som kjem frå det største sosialdemokratiske partiet, vere oppteken av «lik løn for likt arbeid»? Kva anna yrkesgruppe vil finne seg i ei timelønn som er lågare enn tariffesta minsteløn for utanlandske sesongarbeidarar? Er det forventa at ungdomen skal satse på eit slikt yrke, der ein mest sannsynleg endar opp som minstepensjonist og gjeldsslave? Ei fersk NIBIO-undersøking viser alvoret i situasjonen. Den seier 43 prosent av mjølkebøndene i Vestland fylke truleg er borte om 12 år.

Er det forventa at ungdomen skal satse på eit slikt yrke, der ein mest sannsynleg endar opp som minstepensjonist og gjeldsslave?

Dersom Senterpartiet og regjeringa held fram med å halde bonden med godt prat og ikkje vil erklære krise no, er det berre eit tidsspørsmål før partiet droppar under 5 prosent på målingane. At dette skal skje på Senterpartiet si vakt, med tre av dei mest sentrale statsrådane i styrehuset, er berre tragisk. No er det ingen å skulde på lengre. Senterpartiet sit med det heile og fulle ansvaret for å løfte saka til krisenivå og bidra til løysing! Dersom det er Arbeidarpartiet som stikk kjeppar i hjulet, må Senterpartiet kome seg ut av regjeringa.

Krisa i landbruket handlar om Senterpartiet si framtid som politisk parti, men og om så mykje meir. Det handlar om beredskap og om korleis landet vårt skal sjå ut. Om kvar folk skal bu og om sosial og økonomisk rettferd. Eller om den norske landsbygda skal ende opp som ein blåkopi av svenske glesbygder. I det store bildet handlar det om korleis vår generasjon forvaltar arven. Sett frå det perspektivet kan ein ikkje forvente at folk sit rolege i stolen og søv godt om natta.

Difor er vår sterke oppfordring, at regjeringa, etter initiativ frå Senterpartiet, erklærer krise i norsk landbruk! Landbrukspolitikken må gåast gjennom og frå A til Å. Det er eit langt lerret å bleike! Sveits brukte 15–20 år. I mellomtida må næringa frå krisehjelp. Det må leggast friske pengar på bordet, og det må skje no!

Forslaget vi har presentert for leiinga i Senterpartiet, er at staten betaler ut a-konto min. ¼ av estimert etterslep i inntekt før våronna. Beløpet er ¼ av ca. 20 milliardar kroner, dvs. 5 milliardar. Resten av etterslepet må kome til utbetaling gradvis, etter at det er finrekna på talgrunnlaget.

Ei delutbetaling no er nødvendig for å gi bøndene tryggleik for at staten meiner alvor. Det vil gi dei som no sit på gjerdet håp om ei framtid i bondeyrket. Samtidig vil regjeringa kjøpe seg tid til å jobbe vidare med ny politikkutforming.

Det manglar ikkje pengar i statskassa. Korona-pandemien viser at milliardane sit laust og kan mobiliserast raskt når krisa er eit faktum. Krisa i landbruket er ikkje oppdikta. No må Senterpartiet og regjeringa vakne og vedkjenne seg krisa.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!