Det spørsmålet mange grublar på nå, er korleis ein skal få andelen kollektivreisande opp på før-korona-nivå. Og i vårt distrikt helst endå mykje høgare, ettersom Ålesund og omland ligg lågare på statistikken enn dei fleste. Men dette er openbert ikkje eit lett mål å nå; i alle fall krevst det ein målretta innsats frå dei styrande. Forholda må leggast til rette, elles vil nok privat bilbruk bli løysinga for dei fleste også heretter.

I Giske kommune har vi nå ein interessant situasjon, som vil både vise den reelle viljen til endring frå myndigheitene si side, og som vil kunne få store konsekvensar for kollektivbruken for lang tid framover, kan hende for alltid.

Ytterland er det trafikale navet i Giske kommune, der alle som skal til Ålesund må passere. Alt ligg til rette for hyppige pendlebusser derfrå både til sentrum og Moa. Men internrutene frå ytterkantane i kommunen er mangelfulle, så om systemet skal fungere, trengst det nok parkeringsmoglegheiter ved busstasjonen på Ytterland. Og det er her den unike moglegheita kjem inn. Ytterlandområdet har etter kvart blitt innebygd, og har derfor ikkje så mange utvidingsalternativ.

Ein utbyggar skal no til å føreta ei større utbygging i området. Han har nok parkeringsareal til eige bruk, men for ei relativt avgrensa investering er det mogleg å lage parkering i to etasjar over eit utvida område. Dette vil dramatisk auke parkeringskapasiteten på Ytterland, og mogleggjere full utnytting av pendlebussruter.

Så vidt eg forstår, så er alle offentlege partar – Giske kommune, Ålesund kommune, fylkeskommunen og Statens vegvesen – positive til prosjektet. Men denne løysinga kostar meir enn berre parkering på overflata, og hittil har viljen til å plukke opp denne rekninga vore avgrensa. Statens vegvesen har nok middel til slikt, men avgjerd er ikkje teken, og tida er nå i ferd med å renne ut.

Vegringa er litt vanskeleg å forstå. For det første er dette eit prosjekt og ei løysing som er heilt i tråd med alle statlege anbefalingar, og som har stort sannsyn for å gje bra resultat i form av auka kollektivbruk. For det andre vil det kunne redusere trafikken i Ålesundstunnelane. Denne trafikken er alt godt over det som er anbefalt makstrafikk i undersjøiske tunnelar, og dette har bekymra Statens vegvesen i lang tid.

Eg tviler ikkje på at det finst andre gode prosjekt som pengane kan brukast på. Men dette ER eit godt prosjekt, og blir det ikkje gjort nå, så vert det neppe gjort i det heile. Med dei konsekvensane det vil få, nå og i framtida.