Eg spurde han kvifor seier du: «kan godt hende»?

Ja, svara han. Kven veit om dagen vert god, eller året vert godt? Men ei god helsing er det, for vi ynskjer alle det skal verte eit godt nyttår.

Skal året verte godt, er det vårt håp at krigen i Ukraina må ta ende. Det er lite vi kan gjere med det, anna enn å sende dei hjelp av ulikt slag, samstundes som vi tek vel imot flyktningane.

Når det gjeld norske forhold, vil mykje avhenge av kva våre valde politikarar gjer, og ikkje gjer.

Dei kan vere i stand til å lette byrdene til folk flest, og føretaka i landet, eller det motsette, legge meir byrder på oss.

Eg hadde meir respekt for Einar Gerhardsen, som hadde vore gatefeiar, enn eg har for skatteutvalet som består av 7 professorar og 2 advokatar. Den lågast lønte hadde ei inntekt på om lag 3,5 millionar, og den høgaste på om lag 19 millionar. Dei er så fjernt frå livet til folk flest, som det er mogleg å vere.

Festar du og drikk opp det du tenar etter kvart, då risikerer du ikkje at det vert skatt på eigen bustad. Og du er då sikra at det ikkje vert formuesskatt, eller arveavgift, og meir til.

Ja skatteutvalet hadde mange skjerpande forslag til meir skatt, til saman over 40 milliardar kroner.

Og det samstundes som oljefondet i fjor, til og med november månad, fekk tilført 1006 milliardar. Ein søkkrik stat som også tek inn meir og meir, ettersom mat og andre kostnadar stig. Det er stort sett 25 % moms på alt.

Stor prisstigning gir meir og meir momsinnkome til staten. Moms og andre avgifter er uavhengige av oljefondet. Her er eg einig med Sylvi Listhaug, dei kan i første omgang ta til å betale attende til folket det dei får inn ekstra på straum og drivstoffavgifter.

Stat, fylke og kommunar eig 95 % av vasskraftproduksjonen, mest staten. Å sette ned disse kostnadane til folk vil også hjelpe til å redusere inflasjonen.

Når vi skal skaffe oss hus og heim, så må dei fleste av oss ha arbeid, og må då sjølvsagt betale skatt av inntekt. Når vi så bygg huset må vi betale moms på arbeid og tilfang.

Så må vi i mange kommunar betale eigedomsskatt (som ikkje er avhengig av innkoma til personen som skattar). Har du spart og klart å betale ned på hus og heim, så står formuesskatten på lur. Så foreslår skatteutvalet at du skal betale skatt fordi du bur i eige hus.

Døyr du så vil skatteutvalet at etterkomarane dine skal betale arveavgift av det som måtte vere etter deg, som du har arbeidd og slite for, samstundes som du har betalt skatt på skatt av mor og far sitt slit og sparsemd.

Etter å ha betalt skatt på skatt, burde vi få ha hus og heim i fred. Legg heile forslaget dei rike professorane i utvalet i ei skuff, og sjå ikkje meir etter det.

Vert staten for grådig, så er det slik at høgare og høgare skatt gir meir og meir innkome, til eit punkt, så går skatten ned.

100 % skatt gir null skatt til staten. For kven vil arbeide og vere verdiskapande dersom staten tek alt, eller for mykje?

Når dei rikaste flyttar ut av landet, er det ikkje berre formuesskatten staten går glipp av, men også innkoma av skatten av arbeidet deira, og skatten dei betalar på overskotet og utbytte. Så spørst det om ikkje det var betre at staten si «grådigheit» var mindre. Då ville vi behalde skatten av gode innkomer frå desse personane og føretaka deira.

For 100 år sidan var det folkeavstemming i Sveits. Sosialistane tapte, og det vart ikkje innført formuesskatt. Og det har heller ikkje vorte det sidan. Sverige hadde formuesskatt for mange år sidan.

Men med dei dårlege erfaringane Norge etter kvart gjer seg no, og sjølv med sosialistisk fleirtal til tider, har det ikkje vore aktuelt å innføre formuesskatt i Sverige igjen. Det er svært få land som har formuesskatt.

Finansministeren har vist gløymt kva han meinte om drivstoffutgiftene for folk ute på landet. Dei har ikkje alternativ til å bruke bil. Eller er han gissel av den skattekåte venstresida i norsk politikk?

Kva meiner veljarane?

Ja, det burde vere lett å registrere på dei mange gallupane.

Viss skatteutvalet, med dei gode innkomene dei har sjølve (personleg), skal få gjennomslag i regjeringa, får vi tru at i alle fall Sp går under sperregrensa. Og kanskje heile regjeringa, den dårlegaste vi har hatt så lenge eg kan huske, vi har høve til å velje ny om 2 ½ år.

Dei bør for all del ikkje trøyste seg med at veljarane har dårleg minne når det gjeld politikk.

Kor som er får ynskje om eit godt nyttår verte ståande. Det viktigaste ynskje er trass alt eit ynskje om fred på jord. Og mat, hus og varme for alle.