Aftenposten har 9. september uttalt seg kritisk til bygging av skipstunnelen på Stad.

Det fører sjølvsagt til ganske høgrøysta reaksjonar frå tilhengarane av tunnelen. Dette er ikkje nytt. Alle motførestillingar, om enn svært så forsiktige, har blitt møtt med usaklege personangrep. Det har hindra ein open debatt om prosjektet fordi dei færraste, særleg i lokalmiljøet, vil eksponere seg for personangrep.

Dei mange tvilsame påstandane om skipstunnelen blir av den grunn ikkje imøtegått.

Eit døme: «No må bygginga starte. Ingen prosjekt er så godt greia ut som denne tunnelen. 20 rapportar gjennom mange år.»

Slik har ein argumentert i avisene og andre media. Men er det eit godt argument når rapportane konkluderer med at tunnelen er ulønsam og ikkje bør byggast?

Så mange utgreiingar tyder vel heller på at det er eit tvilsamt prosjekt.

Sist ut er Alfred Bjørlo frå Venstre som i lesarinnlegg i fleire aviser 14. september mellom anna fortel følgjande, sitat: «I dag går ingen faste båtruter for folk og gods forbi Stad fordi havstykket er for røft og vanskeleg». Dette seier han sjølv om Hurtigruta har frakta folk, post og gods forbi Stad i fast rute i snart 120 år.

Det heiter seg at vedtak skal vere kunnskapsbaserte, men det blir vanskeleg når kunnskapen ikkje får sleppe til.