Det handlar om å få ein læremiddeldefinisjon som inkluderer dei læremidla som departementet omtalar som «læringsressurser utviklet til bruk i skolen», slik at parallellitetskravet, nynorsk til same tid og same pris som bokmål, også skal gjelde for desse læringsressursane.

I lovframlegget sitt har departementet valt å halde slike læringsressursar utanfor læremiddeldefinisjonen, og dermed utanfor parallellitetskravet. Dei er som oftast digitale appar som er nyttige og mykje brukte i skulen, som gongetabells-appar, lesetrenings-appar, skriveopplærings-appar, lære-deg-land-i-verda-appar osb. Dei er nyttige, men på feil språk for nynorskelevane!

Skrekkvisjonen vår er ein skulekvardag meir eller mindre overteken av digitale læringsressursar som berre finst på bokmål! Den digitale utviklinga går fort.

Utan parallellitetskravet kan læremiddelprodusentane utvikle fritt læremiddelressursar på bokmål. Nynorskkommunane og lærarane her må ta eit val mellom to vonde: anten velje bort desse bokmålsappane for å vere tru mot det opplæringsspråket som er valt for kommunen, eller bite i det sure eplet og bruke dei. Begge vala inneber at nynorskelevane får dårlegare undervisning enn bokmålselevane.

Noregs Mållag sitt framlegg til læremiddeldefinisjon i opplæringslova stiller parallellitetskrav også til læringsressursane (det som er understreka):

«Skulen skal bruke læremiddel og læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa som ligg føre til same tid og same pris.»

Det er dette framlegget me vonar at Mørebenken vil stille seg bak, og me vonar at Mørebenken vil arbeide overfor partigruppene og komitémedlemmene slik at dette framlegget vert vedteke i Stortinget.

Mållaget sitt framlegg har massiv støtte frå kommunar, organisasjonar som Utdanningsforbundet og statens eige fagorgan for språksaker Språkrådet, som saman med lokal-og fylkeslag i Arbeidarpartiet, Senterpartiet og andre politiske parti krev at endringa mållaget føreslår vert vedteken i Stortinget.

120 ordførarar i kommunar over heile landet har til no skrive under på eit opprop som støttar kravet til Noregs Mållag, og fleire underskrifter er venta. Mållaget og Landssamanslutninga av nynorskkommunar står bak ordføraroppropet.

Det departementet kallar «generelle læreressursar» som aviser, leksikon og NRK Super, skal sjølvsagt som alltid før, vere utan parallellitetskrav.

Dersom me får til ein fullgod læremiddeldefinisjon, er dei formelle rammene rundt nynorskelevane tryggare:

Skulen skal bruke læremiddel, og læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa som ligg føre til same tid og same pris.

Lovframlegget har heldigvis på plass to viktige føresetnader, nemleg at berre skriveprogram som ligg føre på nynorsk og bokmål er lovlege i skulen, og at nynorskelevane får gå saman i nynorskklasse heile grunnskulen.